Når rododendronen blomstrar tidleg, kan han dessverre kome til å fryse seinare.
Rabarbraen veks med fleire centimeter for dag.
Kuleprimula i fleire fargar. Seinare kjem gule, gamaldagse roser i same bedet.
Den tidlegaste peonen bruker vi å plukke inn 6. juni. Skal tru kor mange knoppar som kjem i år!
Løytnantshjarte i knopp.
Bjørka spratt for to dagar sidan her hos oss. I går klipte eg rosene. Eg har nokre trufaste som kjem att. I fjor var eg for seint ute til å få tak i peaceroser. Dei toler ikkje kalde vintrar.
Mannen har klipt plenen i dag. Det er heller ikkje kvart år vi gjer i april. Når det er sagt, så er det visst meldt verendringar ...
Rododendronen her blømer ikkje, men bjørka har sprotte ut for lenge sidan. Eg klipte plen i dag, og håpar på å kome meg på eit hagesenter for å kjøpe diverse kunstgjødsel og denslags snart. Hønsegjødselen skal få vente til etter neste helg...
SvarSlett