I dag hadde eg eit par ærend i sentrumsbutikkane. På blomsterbutikkane får ein no kjøpt løkblomster i krukker. Det er berre å sette dei rett ved inngangen t.d. Eg fall for denne vesle, poda selja. For dei som synest eg har flotta meg veldig, kan eg røpe at ho kosta 100 kroner. Korga var de minus 30% på. Om selja vil trivast i hagen seinare, får tida vise. Hagen er i alle fall full av perleblomster som eg har grave ned etter blomsting i potter.
Bildet hadde nok vorte finare i solskin enn i blitslys. Her forsvann sola midt på dag.
Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!
Skikkeleg vårstemning hos deg.
SvarSlettSå fint!
SvarSlettGod helg :-)
Fint og vårleg!
SvarSlett