mandag 28. april 2014

Pølsebrød - 12 stk.

Til grillinga i går hadde eg kjøpt inn ostepølser og grillmor.  Tilbehør som poteter og grønsaker hadde eg tenkt å sette i steikeomnen og ta med ut.  det vart ikkje godkjent.  Hadde eg ikkje kjøpt pølsebrød!?  Nei, så fekk vi lage sjølve.  Eg fann fram ei oppskrift i Brød og korn si kokebok. 

Pølsebrøda vart mjuke og gode.  Vi brukte Fibramjøl og olivenolje, for det var det vi hadde.  Ein kunne sikkert bruke fifty-fifty med grovt og fint kveitemjøl.  Uansett så er desse brøda mykje sunnare og betre enn dei som er i handelen!
1/2 pakke gjær
3 dl lunka mjølk
1 ts sukker
1/2 ts salt
3 ms olje
200 g fibramjøl/sammalen kveite, fin
250 g kveitemjøl

1. Ha ingrediensane i ein bolle.  Rør godt, gjerne i brødbakemaskin eller kjøkenmaskin 10 minutt.
2. Dekk bollen med plast/lok/tallerken.  Hev til dobbel storleik, ca. 30 minutt.
3. Del deigen i 12 og trill ut pølsebrød.
4. Hev til dobbel storleik, ca. 30 minutt.
5. Pensl brøda med vatn og steik dei lysebrune 10 -15 minutt på 225 grader. Avkjøl på rist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...