mandag 7. april 2014

Bok 19: Krigens skugge

Forlaget skriv:
På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar. Somme slepp unna straff, andre får svi i det uendelege. Det handlar om å gløyme og gå vidare, eller hugse og hemne. Og bygdedyret lever sitt eige infame liv, uavhengig av krig og fred.

Eg kasta meg like godt over andre boka i serien, og det angrar eg ikkje på.  

Krigen er slutt. Tre søstrer har gjort ulike val under krigen.  men får dei straff som fortent? Tea si synd var å forelske seg i ein tysk soldat som omkom i krigen.  Barnet vert teke frå henne, og ho sjølv vert fritt vilt i bygda. Ein dag "klikkar ho" og tek att.  Det får følgjer.

Dagny har farga håret.  Ho kjem seg unna rettssystemet, i alle fall i første omgang.  Men det finst journalistar som leitar etter sanninga. 

Så har vi den sjølvrettferdige Emma.  Det viser seg at ho og har sine svin på skogen.

Dei tre søstrene bur saman etter krigen.  Andreas vil gifte seg med Dagny.  Han har kjøpt seg ein gard og treng arbeidsfolk.  Ein "svenske" dukkar opp.

Men krigen kastar skuggar.

Denne romanen skildrar stemninga i landet etter krigen.  Historiene er spennande og truverdige.  Romanen er minst like medrivande som den første, og like lettlesen.  Kanskje den tredje boka kjem ut i år?





2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...