fredag 8. juli 2011

Festmiddag på ein fredag

Det var bakenden på ei av desse kveitene som vart steikt i dag.  Hovedretten vart ikkje fotografert.

I Ørsta kom vi i snakk om eggekvitar eller eggeplommer som vert til overs.  Eg foreslo å bruke eggeplommer i ei blomkålsuppe.
I dag følgde eg mitt eige råd. Eg kokte suppe av ein brokkoli og ein blomkål.  I suppebollen, som gjene bør vere varm, har ein i fløyte og eit par eggeplommer.  Dette jamnar suppa.  Eg har av og til gjort dette når suppa mi har vorte for tynn.
Ha i suppa og server med ein gong.

Eg bruker ikkje oppskrift når eg lagar blomkålsuppe.  Men eg kokar jamning og kraft/buljong i ei panne og blomkål/brokkoli i ei anna.  Grønsakene kokar eg godt møyre og mosar dei med stavmiksar.  Ein kan ta av litt til heile bitar eller koke desse to-tre minutt i eige vatn etterpå.  I jamninga er det viktig å bruke smør.  Vi ein ha ei magrare suppe, byter ein ut fløyten med mjølk.

3 kommentarer:

  1. I følge far din har du ikkje fått med deg noko av desse to kveitene, men derimot den minste kveita dei fekk, som Nils delte i to. Mange kveitemiddagar att her.

    SvarSlett
  2. Får berre seie som eg bruker; eg lyg ikkje med vilje. Men han sa det vel når eg tenker meg om, at desse siste ikkje hadde lagt lenge nok...

    SvarSlett
  3. Han hadde ikkje skore dei opp, delt dei i passande stykke heller, men gjorde det etter at de hadde reist.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...