fredag 15. juli 2011

Natteliv

 Eg går meg gjerne ein tur rundt huset når det går mot natt.   I dag utstyrte eg meg med fotoapparat i tilfelle der var noko eg ville forevige.  Eg høyrde noko som tasla, og oppdaga at piggsvinet hadde kome attende for å få kattemat.  Fatet var dessverre tomt, og eg var for sein på avtrekkaren.

Desse elke krypa greier ikkje å stikke av!  Heldigvis er dei ikkje så mange.  Teorien er no at ein berre skal kverke iberiasnigelen.
Desse, som ikkje heiter boasnigel lenger, skal ein la vere.  Dei gjer lite skade i hagen, og dei et iberiasnigelegg.  Eg skal innrømme at det eigentleg var handfaste bevis på dette eg var ute etter.  Eg mistenker den nemleg for å forsyne seg av avlinga her.

Kva type snigel som gjer mest skade, kan nok diskuterast.  Eg meiner dei små grå, som gøymer seg i salat til dømes, et mest avling.  Dei er det heldigvis få av i år.  Kanskje takka vere piggsvina.

1 kommentar:

  1. Slike ekle skapningar har eg aldri sett i vår hage, men så leitar eg ikkje i mørket med lys og lykte heller.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...