onsdag 6. juli 2011

Bok 32: Et stille, umerkelig drap

Eg har lese, eller rettare sagt lytta til, halve denne boka i dag.  Samtidig har eg rima av ein frysar, sola meg, steikt vaflar på altanen, laga middag og jobba i hagen.  


Dette er den andre boka med sjukepleiaren Nina Holm.  Ho rotar seg bort i saker med ulovlege innvandrarar.  I denne boka er det Romfolk frå Ungarn. Ein får innblikk i eit hardbarka kriminelt miljø.  Frykta for islamske terroristar står og sentralt.

Privarlivet hennar vert viktig, og er for så vidt interessant.  Men eg må seie eg irriterer meg over klisjéen "mann taklar ikkje hardtarbeidande dame".  Ektemannen gjennom 16 år toler ikkje arbeidet hennar.  Det vert noko Liza Marklund-liknande.

Som i den første boka som eg skreiv om her er løysinga logisk.  Men den var nok noko uventa!

Boka er lettlesen og spennande.  Eg gav den fem stjerner.  Les gjerne meir på Bokkilden.

3 kommentarer:

  1. Eg har nyss lese denne boka, og tykte begynnelsen var interessant, så blir det meir "vanlig krim"----men eg er lei av krim for lengst, så det er berre dei aller beste som held mål for meg.

    SvarSlett
  2. Eg trur det er lettare å like ei bok når ein får lese den raskt ...

    SvarSlett
  3. Det er eg heilt enig i! Og så likar eg godt korte "fortetta" bøker.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...