lørdag 9. juli 2011

Bok 34: Tysteren

Denne boka har eg gledd meg til å lese.  Den har vore tema på Frukost-TV, og ikkje minst har den fått bokhandlarprisen.

Eg har god tid til å lese lydbøker for tida.  I dag har eg lese halve boka samtidig som eg har vaska og arbeidd i hagen.  Så fekk eg sagt det. Med så mange personar er dette og ein stor fordel.  Ein må konsentrere seg.

Boka er grei underhaldning, men eg ville ikkje gitt den meir enn fire på terningen.  Det som trekkjer ned for meg, er miljøet.  Mykje av historia går føre seg i eit gangstermiljø i New York.  Eg er ingen stor fan av mafiafilmar, berre så det er sagt.  Politietterforskaren kjem vi ikkje skikkeleg under huda på.  Han har ei svakheit, gambling. Krimgåta er grei.  Der er så pass mange frampeik at slutten kjem ikkje særleg overraskande.  Det som trekkjer opp, er språket.  Eg liker ein viss porsjon med sarkasmar og vittigheiter.

Les gjerne meir om boka på Bokkilden.

3 kommentarer:

  1. Godt å sjå at heller ikkje du var overbegeistra.Som lydbok er det greitt at ein slepp å surre med fleire miljø og fleire tidsaspekt etc. Den eg les no er veldig ryddig på den måten.

    SvarSlett
  2. Eg vil ha interessante miljø og personskildringar!

    SvarSlett
  3. Jeg synest at boken var grei nok, sikkert fordi jeg er fan av alt som lukter av mafia. Etter min mening har den nok blitt noe oppskrytt. Personene fremstod etter min mening uten særlig dybde.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...