tirsdag 19. juli 2011

Langs vegen

I dag sjekka eg yr.no før eg la ut på tysdagstur. Regnet skulle kome etter midnatt. Eg starta med å sykle fram til venninna mi sidan studenten ville låne bilen.  På Grimstad merka eg dei første varme dropane.  Litt regn gjer ikkje noko.  Eg hadde med ei såkalla softshelljakke for sikkerheits skuld.

På veg heim att opna slusene på himmelen seg.  Sjølv toler eg regn, tenkte eg.  Det er verre med MP3-spelaren.  Kameraet i lomma er undervasskamera ned til 1,5 meter.  Når ein først er gjennomvåt er meir regn berre herleg!  Eg var alt anna enn skjortevåt.  Etterpå gjorde det godt med ein dusj inne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...