mandag 28. mars 2011

Då vi møtte Wenche Foss

I dag døydde Wenche Foss 93 år gamal.

Ho vil vel bli hugsa for mange ting, ikkje minst for den ho var.  Ho gav stemme til dei svake, og ho braut tabu.

Eg kan ikkje skryte på meg å ha møtt mange kjendisar.  Men på ein biltur heim frå Norway Cup, bestemte sjåføren seg for å bade i Mjøsa.  Og kven andre enn Wenche Foss sat ved eitt av borda ved rasteplassen saman med ei venninne.  Ho var elegant kledd i kvitt.

Og kva skjer?  Jau, Øystein og ho vert samde om at det er flott badetemperatur.  Dei kom lett i prat.  Og ho røpa at ho er seg sjølv lik, akkurat slik vi har opplevd henne på TV.

2 kommentarer:

  1. Kjekt program med Wenche Foss seint i kveld på TV2

    SvarSlett
  2. Ja, eg såg til 11 og tok opp resten!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...