mandag 18. april 2011

Knaefrie rundstykke

I går var eg innom Tove som hadde vore inne på same bloggen som eg og funne oppskrifter på knaefrie rundstykke.  Eg såg at ho hadde ein kommentar på å løsne rundstykka frå forma.  Eg tenkte først å anbefale papirformer i muffinsforma, men så kom eg på at eg har nokre lite brukte silikonformer liggande.

Deigen rører ein berre saman om kvelden.  Eg bruker ein slikkepott.

 Så får den heve over natta på benken.
Morgonen etter set ein på omnen og fordeler deigen i formene.  Eg bruker to skeier.
Så er det rett i omnen når han er varm nok.  Dei heva seg godt, som de ser.  Mine kunne ha vore litt betre steikte.  Silikon leier vel ikkje varme så godt.

søndag 17. april 2011

Palmesøndag

Enkelte dagar berre flyg.  Slik har det vore med dagen i dag.  Eg har drive med diverse skrivearbeid i tillegg til baking og husarbeid.  Litt kaffikos har det vorte tid til. Eg laga dobbel porsjon av Schakenda sine kveitebollar. Det er herleg å kunne stå opp og sjå på veret kva ein skal finne på.  Men no ønskjer vi oss sol!

Resten av familien har vore opptatt med fotball.  Yngstemann har vore på trening.  Jentelaget har vore i Volda og vunne 5-4.  Journalisten er i Molde på frilansoppdrag fot VG.  Elles har det vore Liverpoolkamp på TV, og ein kan visst sjå Stokekamp på PC-en med spansk kommentator.
I år kan eg ikkje sjå ei einaste lita påskelilje i hagen.  I fjor kom mange opp.  Eg trudde eg skulle samle til ei heil rad, men i år er dei vekke.  Kva har skjedd?  Har kulden tatt knekken på dei?  Dei store, vanlege lever.  Det er desse små ein grev ned etter at dei har pynta i krukker ute og inne som manglar. Kanskje dei kjem att berre eitt år? Tulipanane, som eg trur er av typen "Rødhette", ser ut til å ha overvintra.  Skal eg grave desse på bildet djupare når den tid kjem?

lørdag 16. april 2011

Alt-i-eitt-gryte med svinekotelettar

 I dag laga eg ein middag som passar seg sjøl, slik at om ein lagar han etter frukost, kan han stå  i omnen medan ein gjer andre ting.  Ein bruker ikkje oppskrift, men puttar det ein har/liker i gryta.  Eg steiker kotelettane før eg legg dei lagvis med grønsaker.  Det einaste vatnet eg hadde i, var det eg skylte ut av boksane med.  Viss ein har barn som er skeptiske til nokre av grønsakene, kan ein hakke dei i maskin slik at dei vert "usynlege".  Eg skulle ha hakka dei soltørka tomatane. Svinekotelettane skal eg bein og feitt frå.  Det har eg lagt ein plastpose med eit par teskeier salt med tanke på ei suppe ut i veka.

I dag hadde eg:
tomat i boks
poteter i skiver
løk i ringar
gurot i skiver
kvitløk, hakka
paprika i skiver
litt stilkselleri
litt purreløk
nokre søte, tørka tomatar

steikte kotelettar, salta og krydra
krydder etter smak

Mengdene får ein tipasse gryta/familien.  Eg hadde 3 boksar tomatar og 15 kotelettar.

Steik under lok på 150 grader 2-3 timar.
Servér gjerne med focaccia eller anna brød.

Bok 18: Tredje i rekka

Då eg kom over denne boka som er den tredje av forfattaren, bestemte eg meg for å lese henne sjølv om eg var litt lei etter andre.

Også denne er med ein pensjonist og ein annan person som gåteløysar.   Der er ein mordbrann som tek oss med inn i svensk pornoindustri.  Der er ei anorektisk kvinne som har kontakt med alvar, eller ikkje, og som skriv bøker for mannen sin Max med det store egoet.  Bøkene har titlar som "Maximalt ..."  Akkurat det har eg sansen for.

Oppklaringa er som før, noko har vi gjetta på førehand, frampeika er på plass, og noko kjem overraskande.

Også denne boka er ein pageturner.  Men eg må innrømme at eg liker betre krimbøker med politietterforskarar eller detektivar.

fredag 15. april 2011

Kvar er Pelle?

Hugsar de kor bekymra vi var for piggsvinungane i haust?  Vi vog Pelle på kjøkenvekta, og han vart funnen for lett for å overleve vinteren.  I kveld dukka det opp eit lite piggsvin for å ete kattemat.  Kanskje det er Pelle?  Eg måtte fotografere "i blinde", berre blitsen lyste opp.

Ambrosiakake

Denne veka har vi hatt såkalla påskelunsj.  Til dessert har vi laga ambrosiakake.  Nokre elevar er skeptiske til å ha appelsinskal i ei kake, men ingen klagar på smaken.  Kaka på bildet er det ein elev som har laga.  Ho hadde på melisglasur etterpå.  Når eg bakar kaka heime, gongar eg med fire og bruker ei langpanne.  Oppskrifta meiner eg er akkurat passeleg detaljert for ein niandeklassing.



Botn:
125 g smør
2 dl sukker

2 egg

finrive skal av ein appelsin
safta av ein appelsin (ta av 1 ms til glasuren)

3 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Glasur:
1 dl melis
1 ms appelsinjus

Slik gjer vi:
  1. Set steikeomnen på 175 grader.
  2. Smør og strø ei rund kakeform 22-24 cm.
  3. Rør smør og sukker kvitt.
  4. Rør inn egga - eitt om gongen.
  5. Riv appelsinskalet, og ha det i.
  6. Press jus av appelsinen og ha i.
  7. Sikt i dei tørre ingrediensane.
  8. Steik kaka i 30-40 minutt.
  9. Avkjøl kaka på rist.

  1. Glasur: Rør saman melis og appelsinjus. Fordel glasuren på kaka.

Gratulerer Eirik!

I dag kan vi gratulere Eirik som fjortis!  Eg var inne på facebook og knabba eit bilde der han er i sitt rette element.
Men han slepp ikkje heilt unna.  Litt mimring skal det bli.  Eg tok eit tilfeldig album ut av bokhylla, og det var frå 2005.  Anledninga er konfirmasjonen til mellomste mann her.  Frøkena vår er sju veker yngre.  Ho vaks fort frå han, men no har han tatt henne igjen og vakse godt frå henne.  Neste år er det dei som er konfirmantar.

Personlegheita røper seg ofte allereie på babystadiet, er no min teori.  Han var ein ekte gladgutt, og det er han enno.  Når han er her, spreier han godt humør og livar opp i flokken.

Vi ønskjer han ein fin dag.  Gåva får vente til ut i veka.  Då håper vi å samle alle her!

torsdag 14. april 2011

Yndlingsrettar

No har mellomste mann kome heim på påskeferie.  Før eg kom heim frå jobb for å lage kyllinggryte, hadde systera begynt å lage ein av hans andre yndlingsrettar, pannekaker.  Til det har eg hamstra blåbær på coop-kupp. Eg hadde ca 1 dl melis på to pakkar, og så halvtinte eg bæra i mikroen.  Det smakte mykje betre enn søt, kokt sylte. Når bæra saftar seg, vert kantane ikkje så fine, men bildet får vise sanninga.

Kyllinggryta vart middag og pannekakene dessert.

Ikkje krim til påske?

Onsdagane diskuterer dei litteratur på frukost-TV.  I går var det ein anmeldar frå Aftenposten som meinte at vi godt kunne lese noko anna enn krim i påska, så mykje krim som vi les elles.  Eg ser at Besta nettopp har lese ein av dei romanane ho anbefalte.

Eg derimot har vore på bytur og sikra meg påskekrim.  De kan vel tenke dykk kva bok eg kastar meg over først?

Eg kjøpte litt anna småtteri òg som sikkert kjem til å dukke opp på bloggen etter kvart.  Gjestene som dukkar opp skal få sjå litt nytt når dei kjem.

Mester Grønn har nok gode tilbod for å halde på kundane.  Det er fort gjort  å svippe seg inn på Plantasjen frå Ulsteinvik.  I dag hadde Mester Grønn stemorsblomster: 10 for 20 kr og eingreina orkidéar for 80.  Ingen grunn til handelslekkasje?

onsdag 13. april 2011

Hjerteeple

Bente OO har sendt meg ein pris, eller award som det heiter i bloggverda. Tusen takk! Stafettpinnen skal gå vidare til fem bloggar ein set pris på som har mindre enn 100 følgjarar. (Eg reknar med at ein av mine favorittar AltGodt, er i kategorien storbloggar og dermed  diskvalifisert.)   Når ein har så få på blogglista som eg har, står ein i fare for å fornærme nokon.  Eg vel derfor å spreie prisen mest muleg i ulike bloggmiljø.  På blogglista mi er det ein del slekt og venner som eg ikkje berre kjenner som bloggarar.


Slik er det:

Prisen skal gå til fem bloggarar som har mindre enn 100 følgjarar, slik at vi kan inspirere kvarandre.

1. Ein må linke til den ein fekk prisen frå.
2. Ein må sende prisen vidare til fem andre bloggarar.
3. Ein må svare på fem spørsmål.

Framifrå språk: Ariel
Nydelege bilde: Tetapehta
For å vise oss alt det fine ho strikkar, og ikkje minst det ho gir vekk til dei som treng det Tove
For å skrive litt om mangt og mest om hobby Anlen
For å vise oss hagen sin Mariann

Kvifor starta du å blogge?
Eg bruker å skrive ei bloggerklæring kvart nyttår.  Sjekk her.


Kva slags bloggar følgjer du?
Eg les dei på lista mi fast.  I tillegg er eg innom nokre kjende bloggar som Emmeline og AllofIrina innimellom, og ein del tilfeldige som eg ser på andre sine blogglister.  Som Bente har eg og ein hang til å ende opp med å lese dei nynorske bloggane.


Favorittfarge?
Blå


Favorittfilm(ar)
Eg liker mange filmar, berre ikkje av typen "onsdagsfilm på TV-Norge", amerikanske "klissefilmar" er det verste eg veit.  Hjortejegeren er vel den filmen som gjennom tidene har gjort sterkast inntrykk på meg.


Kva land vil du besøke- og kvifor?
Akkurat no er eg misunneleg på ein gjeng som skal til New York i påska.  Elles kunne eg tenkt meg å besøke fleire europeiske hovudstader.

tirsdag 12. april 2011

Det skal bli spennande!

Eg meiner eg har gjort ein liten ekstra innsats for rettskrivinga i klasse 10A.  Eg har krangla med dei.  Eg har gått så langt som til å snakke "nordlending".

Kva gjeld saka?  Jau, elevane skriv at dei kjem gåandes og at ting er spennandes.  Kvar kjem dette frå?  "Oss sei det!". "Nei, de gjer dokke ikkje," hevdar eg, vel vitande om at dei som regel skriv som dei snakkar.  Eg hadde forstått det om det var dialekt i Ålesund eller Oslo!  Er det rett og slett barnespråk?

I går var det førebuingsdag i norsk der vi mellom anna gjekk gjennom ein del rettskriving.  Det skal bli spennande om dei skriv spennande, i dobbel tyding.

mandag 11. april 2011

Aksessoarar

Nei, det er ingen fare.  Bloggen min skal ikkje bli ein moteblogg.  Dagens outfit er ganske lik frå dag til dag.  Ein kan vel telje sjala mine på ei hand.  Men så ser ein seg litt rundt, og så dumpar ein bort i nokre TV2-progam og får litt inspirasjon.  Eg kjøpte meg eit par sko med litt kvitt i.  Til dei hadde det vore fint med ei kvit skjorte.  Og så drog det eine med seg det andre.  Skjorta var litt naken i halsen.  Sjalet hadde så fint hjertemønster, heilt i stil til eit par øyredobbar som eg òg fann på Karmen.

søndag 10. april 2011

Bakarbrød eller industribrød

 På kurset førre laurdag starta Morten Schakenda med å fortelje om sitt eige prosjekt.  Der kom han og inn på korleis eit godt brød skal lagast.  På 80-talet gjekk mange bakarar konkurs.  Dei vart utkonkurrerte av større bakeri.  Desse industribakarane bakar brød på to timar.

I Sunnmørsposten laurdag kunne vi lese om både storbakeriet på Blindheim og om Mylna i Volda der ein kan få kjøpt brød frå Lom.  Eg fekk lyst ein tur dit for å sjekke om dei har valsa rug.  Det skal nemleg vere i eit av brøda i bakeboka.

Brødbaking i helga

 Eg har gledd meg til å bake etter Schakendas metodar.  Men ein treng tid.  Det er lurt å planlegge slik at ein til dømes legg inn tretimarsheving når ein gjer noko anna ein annan stad. Ein bunke norsktekstar vart ferdigretta i dette tilfellet.
 For å få best muleg deig, bør mjølet fa trekke vatn før ein har i gjær og salt.  Eg laga to slike fordeigar i går.
 Den eine tilsette eg gjær og salt, let maskina kna den 15 minutt før eg tilsette tørka frukt som hadde lagt i vatn.
Frukt- og nøttebrødet har eg reklamert for tidlegare på bloggen.  Denne gongen vart det lysare enn vanleg.  Rosinene var lyse.  Dei var tyrkiske.  Schakenda meinte ein burde halde seg til dei amerikanske.
 I dag tok eg fram den andre fordeigen og tilsette ingrediensar til focaccia.  Schakenda brukte ein balje til heving.  Eg fann fram ein plastdunk som eg meiner eg kjøpte 5 kg jordbær i.
 Her har deigen heva i tre timar.
 Deigen skal strekkast og brettast tre gonger.  Min deig vart to brød som dekte kvar si omnsplate.
 Sidan eg hadde frisk rosmarin i huset, hadde eg det på den eine focacciaen.  Den andre tisette eg ekstra oliven.
 Brøda fekk ikkje stå lenge i fred.  Det galdt begge dagane!


lørdag 9. april 2011

Primula Botanic veris Victoriana

 Eg har gått forbi Floriss og beundra desse primulaene.  I går kjøpte eg tre av dei, og no har eg planta dei ved sida av løkane.  I år har eg ikkje hatt så lyst på påskeliljer, kanskje fordi det har vore overflod av dei siste åra?
 Dei visste ikkje mykje om plantane var fleirårige i blomsterbutikken.  Men eg tenkte det ville vere lett å finne informasjon når namnet står på potta.  Hittil har eg ikkje funne noko betre enn dette. Bildet liknar i alle fall.  Viss nokon finn ei betre side, gje meg gjerne eit hint!
Eg har sansen for produktinformasjon og bruksanvisning på potta!

fredag 8. april 2011

Kva skal eg så i år?

Skvåsj må eg ha!  Den veks fort, og det er kjekt å ete av eiga avling.  Elles så brukar eg å prøve noko nytt kvart år.  Blomkarse har eg ofte sådd.  Men fargane er nye.  Eg synest lysegult og mørkeraudt (svart) er fint saman.  Blomkarsefrøa var dyre (E), og der var få i posen, så eg satsar på å så dei også inne i torvpotter rundt første mai.

Bok 17: Jordmor på Jorda

Eg trur eg har brukt overskrifta Høyr på Hoem på gamlebloggen min.  Det er fleire grunnar til å høyre på han.

Denne boka er heilt spesielt oppbygd.  Han har funne fakta i kyrkjebøker og offentlege dokument om tippoldemora si som gjorde noko så spesielt som å utdanne seg til jordmor i ei tid då denne yrkesgruppa møtte mykje motstand.  Kva kunne dei meir enn andre?  Dyrt var det òg.  Fødselskoner jobba berre for kost og losji.  Det vart etterkvart jordmorplikt og påfølgjande rettssaker.  I boka er ingen ekle scener skildra, det vil seie slike som underteikna ikkje toler å høyre.  Døyr nokon i barsel, og det skjer ofte, er det skildra på ein nøktern måte.

Andre fakta han har funne, går på dette med giftarmål, dåp og kven som er far til born.  Martha Kristine Nesje får eit barn med ein mann og giftar seg med ein annan.  Her kjem forfattaren inn og skildrar kjærleikshistorier slik dei kunne ha vore.

Eg synest forfattaren meistrar godt denne kombinasjonen av fakta og fiction, for å bruke eit moderne uttrykk.  Han går ut av teksten, slik at synsvinkelen vert spesiell.

Sist men ikkje minst, så er det fantastisk å høyre forfattaren lese si eiga bok.  Han skriv godt, og han har ei av Noregs finaste stemmer.  Hoem er god uansett, men best på lydbok.

torsdag 7. april 2011

Franskordbok


Sjølv om ingen i familien snakkar fransk, har vi ei franskordbok i hus.  I dag har eg tatt henne i bruk for første gong.  Grunnen var at eg dumpa bort i eit moteprogram der både Jan Thomas og eit par motebloggarar snakkar om aksessoarar, og uttalar det  assessoarer.  


Den engelske uttalen er æk'ses... Men sidan det er eit fransk ord, tenkte eg at eg ville sjekke den franske uttalen for å sjå om desse ekspertane har det frå fransk.  Men ordboka seier accessoire akseswar.


På nynorsk:


Ordbokartikkel


aksessoarar

aksessoa'rar subst fl, bf -ane el. accessoirar s d


accessoirar
aksessoarar

accessoirar (utt aksessoa>rar) el. aksessoarar subst fl, bf -ane (frå fr av mlat accessorius 'underordna, attåt') utstyr, tillegg til kjole el. drakt, t d hanskar, veske, smykke

Vår i hagen

 Det tek ikkje lang tid før snøen er vekke at lyset gjer sitt.  I dag kunne vi sjå dei første små rabarbrablada.  Ein kan gle seg til å lage til dømes grunnlovsdessert.
 Snøklokker.
Kuleprimula.

onsdag 6. april 2011

Korgbrød

 Morten Schakenda hadde nokre fine, små korger som han brukte til å heve brød i.

Då eg stakk innom Nille i dag, fann eg ei rund brødkorg der. Men sjå kva eg gløymde!  Det er lurt å skjere i brødet, så hevar det der du vil.  Heldigvis vert beviset fort oppete.  Viss ein då ikkje har tatt bilde og lagt ut på bloggen!

Bok 16: Den fordømte ...

... eller Mannen som ikke var morder som den norske omsetjinga heiter.

Dette var ei krimbok som eg likte frå starten.  Historia og personskildringane gjer at vi heng med frå byrjing til slutt.  Då eg hadde lese halve boka, såg eg at filmatiseringa ville dukke opp på NRK.  Sjølv om eg las i kvar ledig stund, rakk eg det ikkje.  Men han eg såg saman med, synest det var greit om vi tok ein pause og såg resten dagen etter.

Det å ha lese boka, er som regel kjekt når ein ser film.  Denne var ikkje noko unntak.  Mange detaljar og humoristiske innslag forsvinn på vegen.

Det eg var mest skeptisk til , var at Rolf Lassgård skulle spele Sebastian Bergman. Han har spelt Kurt Wallander tidlegare.  Eg kunne tenkt meg eit nytt fjes.  Men så dukka det opp ei ny og slankare utgåve av skodespelaren, og han fekk passere.

Eg reknar med at forfattarane har skrive ei bok nummer to, og at det er den som dukkar opp komande måndag?

No gler eg meg til påske, ei høgtid for krimelskarar.  Skal tru kva vi får servert i år?

tirsdag 5. april 2011

Kva kan brukast i skulen?


Det var kjekt og lærerikt å vere på bakekurs med Morten Schakenda.  Men så er det nokon som spør.  Kan det vi har lært brukast i skulen?

Heile grunnidéen med bakinga hans er at ting tek tid.  Det er med lang heving og ulike prosessar at ein får fram den gode smaken, og ikkje minst konsistensen, i baksten.  Dei gamle bakarane og husmødrene kunne kunsten, men så tok industribakarane over.  Deira brød vert laga på to timar.  Der føler mat og helse-lærarane seg skuldige, for er det ikkje omtrent så mykje tid vi har?

Når vi sjølve set deigar, slik eg skal gjere i morgon til kantinegruppa, er det berre eit spørsmål om kor tidleg ein vil stå opp?  Eg skal sette bolledeigar som skal bakast ut andre time, og møter ein halvtime-tre kvarter før for å førebu.    Vi får sjå kva vi får til.  

Vi bakar grovbrød for tida.  Desse to elevane dyppa brøda sine først i vatn, så i graskarkjerner og til slutt i sesamfrø.  Rekkjefølgja er ikkje tilfeldig.  Tek ein dei små frøa først, vil ikkje dei store feste seg lærte vi laurdag.  Dypping er lurare enn pensling.

mandag 4. april 2011

Kupp og kupongar

Det har vorte amerikanske tilstandar i daglegvarebransjen.  Dei fattige i Frustrerte fruer må vere heime og klippe kupongar, har eg lagt merke til.  For kvar kupong får ein eit lite avslag på vara, seier dei som har vore der.

I tillegg til kupp og "få attpå" får du no ein kupong i veka på Coop.  For at folk skal kjøpe fem, skriv dei at ein får kjøpe max 5.  Og vi bit på?  For eit par veker sidan kjøpte eg fem (hm...) øskjer med riven ost.  Og det skal sseiast at den har gitt både kyllingformer og fiskeformer eit løft.  Til vanleg er prisen ganske stiv. Men så har vi fått repetert at det er lurt med jarlsbergost både på pizza og anna.

Peanøttkupongen ligg i lommeboka.  Det går no an å kjøpe berre ein pakke eller to til å ha på vaniljeisen.  Eller skal ein kjøpe det til påskesnacks?  Og så var det solbærsirup?  Det trur eg at eg skal greie å stå over ...

søndag 3. april 2011

Pelargoniastiklingar II

Eg har brukt å ha nokre følgjetongar på den gamle bloggen.  Kanskje de hugsar Aloharosa og engletrompeten?  Dei lever enno begge to og vil nok dukke opp etter kvart.  Det vert spennande å sjå om nokre av rosestiklingane har overlevd.

Denne pelargoniastiklingen sette eg for 12 dagar sidan.  Som de ser, døyr dei store blada medan det kjem nye små.
På morplanten har det kome eit nytt lite blad og.

lørdag 2. april 2011

Morten sine skillingsbollar

 Noko av det som er kjekt med kurs, er å plukke opp nye, lure måtar å gjere ting på.  Morten er ein liketil kar som krydrar foredraga sine med små vittigheiter.  Han let det falle eit ord om at bergensarane ikkje ville godkjenne skillingsbollane.  Bergensaren i forsamlinga slo seinare fast at desse bollane er betre enn skillingsbollar.

Til fyll rører han fifty-fifty med smør og sukker og tilset litt kanel.  Ein må kjøpe gode rosiner og legge i bløyt på førehand. I tillegg bruker han hakka neter eller mandelflak. Eg kan underskrive på at bollane var spesielt gode.
Då vi var der og rigga til, fekk eg spurt han om litt forskjellig, mellom anna dette med gjærtypar.  Han bruker ikkje raud gjær, men trur det kan ha ein effekt.  Tørrgjær hadde han ikkje noko imot.  Men han bruker vanleg, blå gjær i gjærbaksten.

Today

Eg møtte tidleg i dag for å få sett nokre deigar eit par timar før resten av kursdeltakarane kom.  Kollegaen min frå Ulsteinvik laga dei søte deigane medan eg elta salt, gjær og oliven eller soltørka tomatar inn i dei salte deigane.  Morten sjølv laga surdeigar.  Desse deigane treng lengre hevingstid enn havre- og rugdeigane som vart laga seinare.

Kurset var svært interessant og lærerikt.  Eg får kome attende med fleire detaljar etter kvart.
Det der vert vel minst tre blogginnlegg var det ein som kommenterte då han såg baksten eg fekk med heim.  Ja, og blogglesarane skal ikkje sjå vekk frå at eg har blitt inspirert til meir baking framover!

fredag 1. april 2011

Tomorrow, tomorrow...

Bok 15: Nynorske noveller

Novellesamlinga inneheld sju noveller.  Eg bestemte meg for å ikkje lese meir enn ei om dagen.  Noveller bør fordøyast.

Som alltid med novellesamlingar, liker ein nokre betre enn andre.  Min favoritt er Pandemi som eg meiner er godt oppbygd, har gode symbol og eit godt poeng.

Eg liker også språket i boka og den rettskrivinga forfattaren legg opp til.  Eg må berre innsjå at ungdomane no seier høre -hørte- hørt. I mi dialekt heiter det høyre - haure - haurt.  Ja, ja, det kling vel sånn passeleg det og ...

Gule røter?

 Sjølv innepakka i plast såg desse gulrøtene gule ut.  Eg måtte berre kjøpe dei og sjekke.

Dette er ikkje noko forsøk på aprilspøk.  Det er langt i mellom kvar gong eg går på ein aprilspøk, men i dag tok nyheitene meg på senga.  For å få fleire kvinnelege tilskodarar på fotballkampane (eg reknar med det var Aafk, men heilt vaken var eg ikkje) så skulle dei lodde ut datar med fotballspelarane.  dei var nemleg overbeviste om at mange damer gjekk på fotballkamp like mykje for å sjå på mannfolk som for å sjå på kampen.  Men så intervjua dei ein spelar som ville invitere damene heim på vin, det utarta til reine eskortetenesta, og då vakna eg: April!

Dette er heller ikkje eit rettskrivingsinnlegg, sjølv om gulerot er ein av dei vanlegaste skrivefeila på skulekjøkenet.
Desse påskegulrøtene kan no vere eit fargeinnslag i til dømes wok.  Men spesielt smakfulle var dei ikkje, berre heilt OK.  Pris? 21,50 pr kg.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...