onsdag 15. juli 2015

Nokre grå dagar ...

... er berre greitt i ferien. Då kan ein til dømes vaske frysar og kjøleskåp.  Berre det er opplett, er det greitt å arbeide ute.  I dag då eg vakna og såg ut, heldt det på å ta humøret frå meg.  Det vart ikkje betre då eg såg at eit raudbetglas hadde leke saft ut i det nyvaska kjøleskåpet.

I dag hadde eg vore så heldig å få meg frisørtime berre på eit par dagars varsel.  Med oppfriska sveis gjekk eg mot bilen då eg møtte ei god venninne.  Ho hadde snakka med ei anna god venninne om at dei hadde tenkt å besøke meg.  Det vart ei triveleg stund i det dårlege veret!
 Eg fekk denne flotte oppstamma Hawaiirosa og eit gåvekort.
Den "gamle" Hawaiirosa som eg fekk av bror min i fjor, har no fått kome ut i regnet.  Eg trur det kan gjere henne godt!

4 kommentarer:

  1. Du har har ein oppmuntrande dag i gråveret då forstår eg.
    Fine Hawairoser, får du dei til ute på våre kantar er du flink.
    Det skal visst verte fint ver fredag ;)

    SvarSlett
  2. Ho som kom med den nye, sa den kunne vere ute, men eg prøver heller med den gamle ute ein månad eller to.
    No må vi snart få fin ver!

    SvarSlett
  3. Så godt med ei slik oppmuntring!
    Akkurat no er det opplett og litt sol.
    Stor glede! Men at ein kan bli værsjuk no forstår eg svært godt.

    SvarSlett
  4. Så godt med ei slik oppmuntring!
    Akkurat no er det opplett og litt sol.
    Stor glede! Men at ein kan bli værsjuk no forstår eg svært godt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...