I går sleppte vi alt vi hadde i hendene og gjekk ut i hagen for å nyte den sola vi kunne få. Helgevasken vart utsett til i dag. Etter at vi hadde vaska, kom det nokre solglimt.
Men fineveret varte ikkje så lenge. Eg gav meg i kast med baking av sukkerbrød og brød. Eg kokte aprikosar til aprikoskrem og laga vaniljekrem til Pavlova. Kakene skal seljast på Holesanden i morgon. Det største arbeidet var å lage fiskekaker av resten av seien far min fiska til oss. Men det er rart med det, når ein først er i siget går det raskt.
I forgårs laga eg dobbelt opp med raud saus. Før kunne ein kjøpe sukkerfri halvfabrikata av ulike sausar og gelear t.d. Ein kan vel ha anna sukker i bringebærsausen, men eg valde å lage av Lerum Sukkerfri saft. Det gjekk heilt fint! Eg blanda den dobbelt så sterk som til saft (2:3) og hadde i 1 ms potetmjøl til ein halv liter. Sidan eg laga så mykje saus, vart det til at eg laga polentapudding i gårog semulepudding i dag.
No er eg heller mett ...
Så dyktig du er!
SvarSlettGod søndag og velfortjent kviledag :-)
Berre frivilleg arbeid i morgon!
SvarSlettGode fiskekaker !
SvarSlettLenge sidan eg laga.
Takk for gratulasjon. Eg laga tre sukkerbrød og fylte med krem og jordbær.
Det er sommartradisjon hos oss, og har vi ikkje noko å feire lagar eg likevel.
Jordbærsesongen er så kort.
Det er sant! Venninna minlaga jordbærblautkake. Begge gjekk unna!
Slett