I går sat vi akkurat og snakka om at vi kanskje skulle invitere foreldra mine på middag. Då fekk eg spørsmål om eg ville ha fersk fisk i morgon om det vart fangst. Det høvde altså godt å slå to fluger i ein smekk.
Fangsten hadde kome "på nett" før eg hadde stått opp. Eg for nedover for å handle. Eg hadde nokre idear til middag. Det vart plan C: Nakkekotelettar. Dei steikte eg først i steikepanne, så i omnen. Til forrett laga eg ei blomkål- og brokkolisuppe. Desserten vart sagopudding med raud saus. Dei unge mennene i familien er glade i det vi kallar gammaldags mat.
Eitt av temaa i dag var sjølvsagt den seine sommaren. Dei lysaste rosa peonane står berre med små knoppar. det er for tidleg å plukke dei inn. Det var kjekt å ta inn dei litt mørkare i dag.
Krysantemane frå hagefesten lever enno. Eg erstatta dei andre blomstrane med blomster frå hagen. Den fine tresommarfuglen fekk eg med i ein annan bukett.
Godt med gamaldags middag.
SvarSlettNakkekotelettar tillaga som sosakjøt er ein favoritt her i huset.
Svigermor serverte det ofte før.
Veret kjem seg nok tenkje eg :)