fredag 24. juli 2015

Begava - igjen

Førre helg strikka eg ikkje ei einaste maske.  Eg hadde null motivasjon og inspirasjon! Måndagskvelden fann eg ei kufte/jakke eg vil strikke til meg sjølv.  Tysdag føremiddag troppa eg opp på TrådKråa.  Garnet måtte bestillast, men det ville kome om to dagar.

På veg ut såg eg eit fint sjal på E-design som deler gang med Trådkråa.  Der spurde dei om eg ville ha eit kort.  Jaudå, det verka no greitt.  Coopkortet mitt samlar no opp ein del pengar, og Trumfkortet har halde meg med panner dei siste åra.  No viste det seg at eg var av dei første kundane, så eg kvalifiserte til å få ei gåve! No har vi kokt oss te av teposane. Det skal bli iste.  Ausa og grytekluten gav eg til frøkna.  Ho kan no samle litt fint kjøkenutstyr til ho skal flytte heimanfra.  Serviettane vert vel sjølskrivne til neste besøk frå dei strikkeinteresserte.

P.S.
Orsak bokmålet i overskrifta.

3 kommentarer:

  1. Ja, det kan samle seg opp litt verdiar på desse korta,
    eg tenkjer at me betaler nok for det...
    Fin startgåve du fekk iallfall.

    God helg.
    I morgå fær me til hovudstaden, men trur du ikkje yr viser regn
    der òg... eg skal iallfall ha gode sko og regnklede klar når eg skal
    gå rundt på dei mange fotballbanene :)

    SvarSlett
  2. Strikking og lesing går litt opp og ned synes jeg. Akkurat nå er det kun håndarbeid og om litt snur det nok til lesing igjen. Tror i alle fall det. Genserene du har strikket var i alle full veldig fine, modellen også.

    SvarSlett
  3. Eg hadde unnt Norway Cup-gjengen litt finare ver. Eg har vore der i mange år og opplevd all slags ver. Kjedeleg når alt vert omberamma. Men kjekt er det uansett!

    Handarbeid og lesing handlar om motivasjon. Eg gjer det ikkje av plikt, berre lyst. Kjekt når det vert sett pris på.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...