torsdag 16. juli 2015

16. juli: Besøk frå Ørsta

I går sat vi akkurat og snakka om at vi kanskje skulle invitere foreldra mine på middag. Då fekk eg spørsmål om eg ville ha fersk fisk i morgon om det vart fangst.  Det høvde altså godt å slå to fluger i ein smekk.

Fangsten hadde kome "på nett" før eg hadde stått opp. Eg for nedover for å handle.  Eg hadde nokre idear til middag.  Det vart plan C: Nakkekotelettar.  Dei steikte eg først i steikepanne, så i omnen. Til forrett laga eg ei blomkål- og brokkolisuppe.  Desserten vart sagopudding med raud saus. Dei unge mennene i familien er glade i det vi kallar gammaldags mat.
Eitt av temaa i dag var sjølvsagt den seine sommaren.  Dei lysaste rosa peonane står berre med små knoppar.  det er for tidleg å plukke dei inn. Det var kjekt å ta inn dei litt mørkare i dag.
Krysantemane frå hagefesten lever enno.  Eg erstatta dei andre blomstrane med blomster frå hagen.  Den fine tresommarfuglen fekk eg med i ein annan bukett.

1 kommentar:

  1. Godt med gamaldags middag.
    Nakkekotelettar tillaga som sosakjøt er ein favoritt her i huset.
    Svigermor serverte det ofte før.
    Veret kjem seg nok tenkje eg :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...