lørdag 18. juli 2015

Husmordag

I går sleppte vi alt vi hadde i hendene og gjekk ut i hagen for å nyte den sola vi kunne få. Helgevasken vart utsett til i dag.  Etter at vi hadde vaska, kom det nokre solglimt. 

Men fineveret varte ikkje så lenge. Eg gav meg i kast med baking av sukkerbrød og brød. Eg kokte aprikosar til aprikoskrem og laga vaniljekrem til Pavlova. Kakene skal seljast på Holesanden i morgon.  Det største arbeidet var å lage fiskekaker av resten av seien far min fiska til oss. Men det er rart med det, når ein først er i siget går det raskt.

I forgårs laga eg dobbelt opp med raud saus. Før kunne ein kjøpe sukkerfri halvfabrikata av ulike sausar og gelear t.d. Ein kan vel ha anna sukker i bringebærsausen, men eg valde å lage av Lerum Sukkerfri saft. Det gjekk heilt fint! Eg blanda den dobbelt så sterk som til saft (2:3) og hadde i 1 ms potetmjøl til ein halv liter. Sidan eg laga så mykje saus, vart det til at eg laga polentapudding i gårog semulepudding i dag.

No er eg heller mett ...

4 kommentarer:

  1. Så dyktig du er!

    God søndag og velfortjent kviledag :-)

    SvarSlett
  2. Berre frivilleg arbeid i morgon!

    SvarSlett
  3. Gode fiskekaker !
    Lenge sidan eg laga.
    Takk for gratulasjon. Eg laga tre sukkerbrød og fylte med krem og jordbær.
    Det er sommartradisjon hos oss, og har vi ikkje noko å feire lagar eg likevel.
    Jordbærsesongen er så kort.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er sant! Venninna minlaga jordbærblautkake. Begge gjekk unna!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...