mandag 5. september 2011

Middag på ein måndag

 Eg rek ikkje rundt på butikkane etter tilbod, men nyttar meg heller av dei som er der eg handlar fast.  Det betyr ikkje at eg handlar alt der.  Førre veke gjekk eg over på nabobutikken etter eit krydder.  Eg kom ut att med to store handlenett - men utan krydderet.
Av desse "få-attpå-tilboda" er det som regel eitt godt.  Denne månaden får ein 300 g oppskoren kyllingfilet og ein pose wok-grønsaker for 46 kroner.  Frosne grønsaker er eit godt val for dei som har små hushaldningar.  Denne posen inneheld grønsaker som ein elles ikkje kjøper, som minimais, vasskastanjar og pastinakk.

Problemet med slike pakkar er at det ikkje er nok til 4.  To pakkar er gjerne for mykje.  I dag steikte eg ein raudløk, ein raud paprika,og litt skvåsj i tillegg til wokblandinga. Litt frisk ingefær gir god smak. Kyllingen steikte eg i steikepanna ved sida av. Eg brukte to pakkar.  Bitane er ganske store, så om ein vil spare, bør ein dele dei i mindre bitar.  Men då er mykje av vitsen med oppskore vekk.  Vanlegvis kokar eg ris til, men i dag hadde eg ein ganske stor rest.  Det varma eg godt i woken og hadde søt chilisaus og soyasaus over.

Dette må vel kallast ein rask og sunn middag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...