lørdag 17. september 2011

Heimbygda

I dag hadde vi eit par ærend i Ørsta.  Forfattaren for til Vartdal på research.  I Ulsteinvik var dei utselde for dei rette fotballskoa.  Frøkna hadde dessutan ein 50% rabattkupong på Bik Bok som heldt på å gå ut på dato, og eit stort behov for ei varm jakke.  Det vart fotballsko og dunjakke i tillegg til litt meir til tenåringane.
 Det ligg an til å bli ein lat dag sidan vi skal vekk i kveld og.  Så då gjeld det å gå når ein kan. Tenåringane fekk gleda av å gå delar av min gamle skuleveg som er mykje lengre enn deira er.  Mykje har endra seg, men mykje er og likt.  Det som slår ein først, er at der har kome mange rekkehus.

I sentrum var der underhaldning med både korps og song.  Der er mykje folk og reine bystemninga laurdag føremiddag.
 Når ein har kongeleg namn, kan ein finne si eiga gate.
 Denne vegen har eg gått mange gonger.  Men ein av dei kjekkaste dagane i barndomen leika vi her heile dagen.  Det var i 1973 då det var oljekrise og bilfri søndag.  Mora mi hadde sydd oss brune boblebukser som var våte etter ein heil dag med aking i vegen.  Eg var 10 år og vi ønska oss fleire slike dagar då borna eigde gata.

Vel heime hos foreldra mine kosa vi oss og fekk servert lasagne og is.  Takk for oss!

2 kommentarer:

  1. Her er eit bevis på "feilhugs"-de har aldri hatt brune boblejakker. Og aldri har eg sydd noko så innvikla. Vi kjøpte rett nok boblejakker på fabrikk, men til deg og Rasmus vart det som regel raude og blå. Margrete fekk ein gong ei som var grøn. Men eg kan hugse at eg strikka like pulloverar til deg og Rasmus i tre lillafargar, inni hadde de BRUNE pologenserar, det einaste brune eg kan hugse. Trur eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...