fredag 2. september 2011

Mjølk - og dagens spørsmål

... eller mjelk som det heitte der eg vaks opp, har ikkje vore mitt favorittdrikke.  Eg hugsar mjølkeglasa som eg måtte trykke i meg då vi budde i Melsbygda.  Den einaste mjølka eg har drukke med god appetitt, er skulemjølka frå den kom på 70-talet.  Surmjølk drikk eg framleis, i alle fall til ballj (potetball).  Resten av familien er mjelkesedikar.

Slike mjølkeflasker burde eg visst hugse, men det gjer eg ikkje.  Mjølka kom i plastposar på 60-talet.  Dei avlange kartongane trur eg kom rundt 1970?

Mjølkeflaska eg har arva, er brun.  Den avløyste den blanke fordi vitamin B2, riboflavin, vert øydelagt når det vert utsett for lys.

Dagens spørsmål vert kva topp som var på desse flaskene.  Eg ser for meg ei sånn klypetopp, men det kan eg like godt ha sett i ein engelsk TV-serie.


2 kommentarer:

  1. Der var blanke metalllok som vi trykte ned på midten og tok av.Så meiner eg vi hadde plastlok som vi brukte til flaska var tom. Metalloka var eingongs, plastkorkane brukte vi om att.Og så hadde vi eit slags stativ med plass til tre flasker som vi brukte mens vi handla. Slik hugsar eg det.

    SvarSlett
  2. Øystein hugsar ei kvit topp. Elles såg eg fleire, litt større då eg gjekk forbi bruktbutikken i dag. Kanskje eg skal kjøpe meg ei til å ha på jobbe når vi har om B-vitamin.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...