søndag 4. september 2011

Sei på ein søndag

 Det er ikkje nokon vits i å kjøpe seg nye kokebøker om ein berre held fram å lage mat på gamlemåten!  I dag let eg meg inspirere av oppskrifta s. 99 i Mathjelpen for foreldre.
 Som eg har nemnt før, er dette ei typisk bok der du manglar eine ingrediensen.  Sidan boka er skriven for eit ungt publikum, synest eg ein kunne ha kome med nokre alternativ.  Eg brukte sei i staden for torsk og raudløk i staden for purreløken som gjekk med i går.  Det går heilt fint.
 Eg liker heller ikkje å produsere meir oppvask enn nødvendig, så i staden for å forvelle brokkoli og løk, sette eg dei inn i omnen i vatnet med folie over medan eg kutta opp resten av ingrediensane.  Eg hadde i eit par ekstra grønsaker, nemleg ei gulrot kutta med juliennejern og ein halv paprika.
 Vanlegvis høvlar eg meierismør over fisk i form, men i dag tok eg flytande bremykt over før eg steikte retten. Av krydder brukte eg berre salt og papar.
Til slutt skulle ein ha på riven ost og steike retten vidare.  eg serverte poteter til.

Eg synest det var ekstra godt med ost på toppen!  Andre her ville heller hatt vanleg steikt fisk eller fløytesaus.  Ein ting er sikkert; det går med mykje fisk og grønsaker til denne retten!  Ein må rekne 1 1/2 gong så mykje fisk som til andre rettar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...