lørdag 10. september 2011

Fargelaus, men ikkje smaklaus

 I dag ligg denne oppskrifta på AltGodt. Det passa svært godt, for eg har rikeleg med skvåsj for tida, og dessutan eit glas pesto og ein naturell kremost som skulle ha vore oppbrukte. Vårløk erstatta eg med ein tynn purreløk som fekk steike med litt på slutten saman med skvåsjen.
 Kyllingen fekk marinere seg i pesto medan ein ordna med det andre.  Eg brukte to pakkar av coop-kupp som eg har liggande, altså 600 g.  Uttrykket  "skal dei slutte å lage" høver godt for haugen av grov pasta i matboda mi. Elles brukte eg eplejus i og til.
Dette kan sjå mykje ut, men når skvåsjen er blitt steikt brun i smør, har han vorte mykje mindre.

Denne retten fall godt i smak i familien.

5 kommentarer:

  1. Dette er sikkert ein god rett, men den SÅG ikkje så god ut. Det hadde gjort seg med ein fargeklatt i form av tomat eller paprika-om enn berre til pynt på bildet.
    Pesto er kjempegodt, men når eg kjøper eit glas, blir det aldri oppete, så eg vil gjerne ha oppskrifter med pesto, slik at eg slepp å kaste halvetne glas.

    SvarSlett
  2. Eg vurderte å skjere opp litt paprika å ha på. Nokre kirsebærtomatar ville passa med smaken, men det hadde eg ikkje. Skvåsj kan kanskje supplerarast med gulrot. Pesto på spagetti har eg sett før, men ikkje prøvd.

    SvarSlett
  3. Rasmus plar somme tider lage ein rettt, der han steiker strimlar av svinekjøtt og blandar med pesto. Serverer med spaghetti til. Det er godt.

    SvarSlett
  4. Slike strimlar er 30 kr for 550 g på coop for tida, så det kan prøvast. Heile denne retten kan vel eigentleg lagast med svinekjøt - for å få brukt skvåsj , meiner eg.

    SvarSlett
  5. Ja, denne er god med alt lyst kjøt. Pesto passar til den milde kjøtsmaken. Syra i vin eller juice gjev ein rikare smak.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...