torsdag 1. september 2011

1. september

 Det har vorte lite hagestell etter skulestart.  Pottene får så vidt vatn.  Likevel står mykje på sitt finaste.  Stargazerliljer kjøper eg i potter eitt år, plantar dei ut og så har eg glede av dei mange gonger.
 Hagegullris er fint i bukettar, men eg trur mine får stå ute i år.
 Klematis.
 Aloharosestiklingen skal få kome i bed til våren.  Rabarbraen vil ha meir plass.
 Denne engletrompetstiklingen har eg fått av venninna mi.  Eg trur den skal få ta over etter den gamle.  Kanskje eg berre skal ta vare på den gamle rota?
Denne hengepelargoniaen har kanskje fått litt lite lys.  I alle fall har han kome seint.

I dag har vi hatt idrettsdag på skulen. Det har vore sol og flott, litt haustleg ver.

1 kommentar:

  1. Mykje fint i hagane no, sidan det meste er forsinka. Her er det særlig rosene som pyntar opp. Vi har i alt 4 clematis, men berre den vi kjøpte i år har blomstra, så langt. Dei skulle nok vore plassert andre stader i hagen. Gullris har vi nedst i hagen, den er avblomstra.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...