onsdag 14. september 2011

Arnulf Øverland "Du må ikke sove"



I vår fekk vi oss kanonar og nye lerret på alle klasserom.  Det vart lettvint å sprite opp undervisninga med små snuttar frå YouTube t.d.  Så streika maskina mi.  No har eg fått ny.

I går starta eg engelsktimen med One Love med U2 og Mary Blige.  Vi held på å lese frå Romeo og Juliet.  I litteraturen i tiande kjem vi attende til temaet "Kjærleik ved første blikk" og "Finst den eine rette?". Kristin fekk sin Erlend, men vart ho lykkeleg?  Romeo og Julie enda tragisk. Er det slik i det verkelege livet? Eg bruker å vise til Prins Charles som aldri gløymde si Camilla.

I morgon skal vi lese "Du må ikkje sove".  Arnulf Øverland skal få gjere det sjølv! Mykje kan seiast om diktet, og det skal vi gjere.  Men det mest tankevekkande er at han skreiv det i 1936.

1 kommentar:

  1. Når du bruker de store som Øverland og Bjørneboe som referanse til ondskapen, må du huske hva det krever av mot og kraft for å møte dumheten som er konstant i verden og Norge!
    Du vil møte motbør fra uventet hold, og snakk som at de var jo kommunister! Som om DET skulle svekke deres diktning og budskap!

    Takk, Solveig, for at du tør!

    Johan M Røsjø Falch, Oslo

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...