tirsdag 13. september 2011

Bok 46: Tonje Glimmerdal

Denne boka har eg hatt liggande, først ved godstolen, og seinare på MP3-en.  Både slekt og vener har skrytt av boka.

Førre veke fekk eg dette mykje omtalte sparket bak.  Forfattaren skal kome til skulen vår.  Her gjeld det å vere budd!

Eg valde lydboka.  I utgangspunktet er eg skeptisk til at forfattarar les sine eigne bøker.  Skodespelarar gjer det oftast mykje betre.  Det gjeld ikkje denne forfattaren.  Ho les boka på si eiga dialekt. Ord og uttrykk kjem til sin rett på ein heilt spesiell måte.  Ho tilfører boka si ein ekstra dimensjon.  Ein skodespelar som skulle ha lese boka på nynorsk, ville ha misst mykje på vegen.

Innhaldet i boka er det sagt mykje om.  Les gjerne meir på Bokkilden.

X-faktor
Boka har vunne mange prisar, og det fortener ho.  Språket er godt og levande.  Innhaldet er spennande, og ho har ei god historie.  Derfor vil også vaksne ha stor glede av denne barneboka.

4 kommentarer:

  1. Eg lånte den-i papir-og las nokre sider. Men eg ville gjerne hatt eitt eller fleire barn å lese til.Det vart liksom ikkje det same å lese den berre til meg sjølv.

    SvarSlett
  2. Ei fantastisk barnebok! Eg fekk lyst å lese den igjen - lydboka skal ikkje i hus og utkonkurrere meg!

    SvarSlett
  3. Berre stå på med sunnmørsdialekt du!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...