lørdag 3. september 2011

Tatt på fersken!

Det er utplantingsver på Sunnmøre i dag.  Eg har planta potteroser og asters ut i det nye bedet mitt.  Eg trur det er lurt å la dei etablere seg ein månad før nattefrosten kjem.

Tagetes har eg ståande i ei korg på singelen ved huset.  Men trur de ikkje iberiasnigelen finn dei!  Snigelen er ikkje utrydda i hagen.  Heldigvis er det ikkje ofte eg ser dei.

Er det nokon av blogglesarane som veit korleis ein ser skilnad på makkeegg og snigelegg.  Eg finn av og til blanke og andre gonger kvite egg på omtrent same storleik.

1 kommentar:

  1. Fin blome, men æsj så ekkel type du fann..
    Har diverre ikkje greie på egg til sniglar og makkar..

    God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...