mandag 3. september 2012

VI LAGAR SYLTETØY


Eg har fått tilbakemelding på at eg gjerne må legge ut oppskrifter frå skulekjøkenet.  Denne veka lagar vi vaflar (Oppskrift i kokeboka deira.) og kokar syltetøy.  Elevane vert oppmoda om å ha med 1/2 l bær.  Dei siste åra har eg sagt at det er heilt greitt å ha med bær frå frysedisken.  Erfaringa er at dei aller fleste har med seg bær.  Og om nokon ikkje har, får dei lage vaflar.

Eg viser både korleis ein lagar vaffelrøre og korleis ein kokar syltetøy.  Elevane vert overraska over kor lett det er.  Ein får hugse på at dei er nybyrjarar etter berre to gonger på skulekjøkenet.

Tre elevar er på gruppe.  Ein av dei startar med å lage vaffelrøre.  Dei to andre kokar syltetøy.  Etterpå steiker ein av dei vaflane medan han/ho som lagar vaffelrøra kokar syltetøy. Dei fleste kan å steike vaflar frå før.

Ideelt sett bør elevane rekne ut sukkermengda sjølve, men det kan lett føre til stort behov for hjelp, så eg har tatt arket under og laga oppskrifter med 300, 400, 500, 600 og 750 g bær.  Dei får rette oppskrifta når dei har vege bæra.  Oppskrifta er laga med utgangspunkt i oppskrifta på fruktpektinposen (grøn Certo).

Elevane får med seg syltetøy heim - og kanskje det vert vaflar rundt om i heimane?  Eg laga ei blanding av bringebær og rips i dag.


1.    Vask glasa og legg dei i steikeomnen på 125 grader i ei langpanne med vatn i.  Damp glasa i 20 min.

2.    Veg bæra dine: Set panna på vekta og nullstill.                         
     Ha i bæra og noter vekta.

3.    Rekn ut kor mykje sukker og syltepulver du treng.  Mål opp.

4.    Kok bæra til dei er møre, ca 5 minutt.

5.    Rør inn pulveret og lat sylta koke i 1 minutt.

6.    Ha i sukkeret og kok til det har løyst seg opp.

7.    Ha sylta på reine glas. Lat glasa stå opp ned.



1 kg bær
8 ts syltepulver
4 dl sukker

6 kommentarer:

  1. Kjekt at dei får lære seg slike ting som dei kan bruke seinare. Kjenne at smaken kanskje er annleis enn på den dei kjøper ferdig.
    Og så får dei bruke praktisk regning også.

    SvarSlett
  2. Det med rekninga, har eg gjort for dei siste åra. Det vert så mykje nytt med vekt og mål denne leksjonen, og det er tidleg på året. Men dei får no med seg at eg har gjort det ...

    SvarSlett
  3. Eg lagde store mengder syltetøy i samband med boklanseringa av Sylting og safting heile året, og når eg hadde skikkeleg søt frukt, som mango og nektarin holdt eg litt tilbake på sukkeret, og eg brukte syltesukker for at det skulle gå fort og radig. Sjølv om eg jobba reinsleg så har noko av det mygla. Så eg lurer på om eg skal ha ei kvart teskei atamon i syltetøyet når eg brukar syltesukker og redusert sukkermengd. Kva trur du om det?

    SvarSlett
  4. Eg har aldri brukt atamon. Bildet på pakken i gamle dagar skremde meg... No har eg oppbevart mitt syltetøy i kjøleskap eller kald matbod. Eg kokar berre 2 kilo av kvar sort om gongen. Resten av frukta bæra frys eg til seinare. Men eg har store planar om å koke mykje plommesyltetøy og ha på Norgesglas.
    På syltepulverpakkane står det at ein skal røre til sukkeret har løyst seg opp. Eg må innrømme at eg gir det heile eit oppkok.
    Nektarinsyltetøyet eg kokte i sommar er heilt fint med 425 g sukker pr kilo (?)

    SvarSlett
  5. Eg trur det fekk litt røff behandling. Når eg ser tilbake på det som har mygla (to glas) så er nok dette glas som har blitt opna, teke av, fylt på att og sett tilbake med loket på. Så eg får notere meg at syltetøy i store glas som kjem til å få røff behandling bør få litt atamon i seg. Men du har ikkje brukt det i saft ein gong, altså? Du frys kanskje safta di?

    SvarSlett
  6. Ja, eg frys safta i Lidl-flasker/glas. Då kan eg ha lite sukker i. I år har det berre vorte kokt ein gong, så då vert det til dessertsausar i jula, teker eg.
    Elles et vi mykje syltetøy her. Det går i grovbrød og sylte - og kaffi til drikke i det daglege (+mjølk/jus). Dess meir ein et, dess viktigare er det vel med lite sukker.
    Det er ikkje sikkert Atamon er så "farleg". Det har noko med vanen å gjere. Trur ikkje mamma brukte det.
    No har eg berre plommesylting att. Den sylta må på store Norgesglas, for no er det tomt for alt anna...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...