mandag 10. september 2012

Hallo! Vi lever i 2012!

 I går var det eit innlegg som fekk stor merksemd på facebook:  Ein elev hadde spurt læraren om kvifor dei ikkje fekk lære å lage mat i mat og helse, og ikkje berre bruke posemat.  Læraren skal ha svart: "Hallo!  Vi lever i 2012".  Skulen sitt namn var og nemnt.  Hellstrøm må rundt og rydde på skulekjøkena!

Det kjem ulike reasksjonar:
- Det er dårleg gjort å nemne namnet på skulen.
- Nokon må syte for at læreplanen vert følgd.
- Det er foreldra sitt ansvar å lære opp borna.
- På skulekjøkenet må ein lære å lage mat frå grunnen av.


Privatpraktisering
Det er sjølvsagt aldri kjekt når ein skule vert hengd ut offentleg.  Det går kanskje direkte på ein person.  Men eg meiner at det er skulen som bør ha planar for alle fag.  Det er ikkje opp til ein lærar å drive som ho eller han vil.  Dessverre er det slik i Noreg at ikkje alle lærarar har utdanning i det faget dei vert sett til å undervise i.  Mat og helse er det faget med færrast lærarar med utdanning.  Det bør det gjerast noko med.

Ei god hjelp i undervisninga er ei kokebok med sunne, enkle og gode oppskrifter som elevane får til odel og eige.

Undervisninga skal skje etter statens ernæringsråd sine retningsliner.  Det står i instruksen vår.  Lærarar har plikt på seg til å oppdatere seg fagleg.  Kommunen må og syte for etterutdanning.  I morgon skal eg til dømes på kurs i vurdering i mat og helse.  Det treng eg!

Foreldra sitt ansvar
Foreldra har sine råd og organ som dei kan nytte.  Dei får elles stå for matstell og opplæring heime, men dei skal ikkje kompensere for dårleg undervisning.

Mat frå grunnen av
På skulekjøkenet skal maten lagst frå grunnen av. Å lese på baksida av ein pose, greier dei fleste å lære seg sjølve.  Eg meiner det er viktig å lære seg grunnleggande ferdigheiter i faget.

Om ein vil ty til ei ferdigsuppe ein gong, kan ein finne grunnar til det.  Då meiner eg det eventuelt kan vere lurt å til dømes ha fisk eller fiskebollar og ekstra grønsaker i fiskesuppa.  I andre tilfelle som til dømes vaniljesaus, kan det vere like greitt å kjøpe heilfabrikata som halvfabrikata.  Det kan vere ulike middagssausar eller til dømes vaniljesaus.

Posar med kakemiks er eg ein sterk motstandar av.  Ein ting er at det er like lett å lage kaker frå grunnen av. Oppvasken og ryddinga vert omtrent det same.  Men den viktigaste grunnen er at sukker og feitt vert kamuflert.

På skulekjøkenet får ein lære elevane at heimebakst er best og laga av reine råvarer.  Kanskje vel ein å lage grove vaflar framfor kakemiksen neste gong ein skal ha noko søtt.

2012
I 2012 sit vi inne med mykje kunnskap om næringsstoffa.  I ei suppe laga av pulver, går vi glipp av naturlege vitaminar.  Næringsstoffa har gått gjennom ulike prosessar.

Så får ein lære å lage sunn og rask mat på skulekjøkenet.

Mat og helse i vidaregåande skule
Ernæringslære er ein viktig del av mat og helse-faget.  Det spørs om ikkje faget må bli obligatorisk også  i vidaregåande skule.  Eg meiner at det å  bygge skulekjøken vil vere viktig for folkehelsa.  Ein bør nå dei unge vaksne, gjerne rett før dei flyttar heimanfrå.  Det er og viktig å lære om mat før ein vert foreldre.

Kven skal rydde opp?
Det hadde sjølvsagt vore artig å høyre Hellstøm sine meiningar om skulekjøkenet.  Eg tvilar heller ikkje på at det ville hatt stor underhaldningsverdi! Elles reknar eg med at det er lærarane han skal ta for seg, ikkje elevane?

Rett yrkesgruppe for jobben er kanskje ernæringsfysiologane?

Vi vil leve sunt.  Men kva som er sunt, vil vi bestemme sjølve
Dette er ei anna overskrift frå denne veka. Etter mi meining må teoriar om ernæring selje godt. Avisene spreier den eine sanninga etter den andre.  Folk vert forvirra! Det merkar eg på elevane mine. Alle "veit" no at poteter er usunt.  Men kva et dei i staden?  Byggryn? Blomkål?

No skal eg gje meg for i dag.  Dette kunne lett bli eit nytt blogginnlegg!


Bilda er av ei ny mjølk som kom i butikken i dag, den til venstre.  Mjølka inneheld 5 g protein i staden for 3,3.  Prisen? 30 kroner.

2 kommentarer:

  1. Ja det må være mulig å lage litt enkel, god mat fra grunnen av på skolen. Mine fikk kokebok på ungdomsskolen. Den hender det stadig at jeg bruker fordi den er veldig fin og har oppskrift på grei basismat. Henviser stadig ungene til den også.
    Den melka var vel dyr syns jeg. Spørs om den er vært prisen.
    Ønsker deg en god dag :)

    SvarSlett
  2. Takk for det.
    Meieriet skal vel selje mjølk til dei som i utgangspunktet er skeptiske? Eller er redde for feitt, men vil ha protein og kalsium. Det er vel eigentleg berre å drikke litt meir skummamjølk?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...