torsdag 13. september 2012

Bok 45: De ensomme

Dette er den fjerde, og til no den siste, krimromanen med Gunnar Barbarotti.

Ein mann fell ut for eit stup.  For 35 år sidan fall ei kvinne same staden.  Har desse dødsfalla nokon samanheng?  Skjedde det noko kriminelt, eller hoppa dei?

Hendingar i fortid og notid vert rulla opp samtidig. Det viser seg at det skjedde noko då seks ungdomar for på ein busstur til Aust-Europa, som fekk  alovorlege konsekvensar for dei.

Det skjer også dramatiske ting i livet til Gunnar Barbarotti.  Her greier forfattaren å styre unna klisjéar. Som eg har skrive før, har eg stor sans for språket og refleksjonane han.  Når Håkan Nesser skal skildre det vi kallar hoftefeste, seier han til dømes: "Hun satte knyttnevene i det som en gang hadde vært en midje".  Vi ser henne for oss!  Ein kan berre tenke seg korleis ein amerikansk bestseljande kvinneleg forfattar ville sagt det same ...

Eg har høyrt denne lydboka på I-pod samtidig som eg har lytta til Beretningen om herr Roos på MP3.  Den siste er lese av ein kvinneleg opplesar.  Ho les ikkje dårleg, men det er vanskeleg å "matche" Nils Ole Oftebro.  Det er kanskje noko med at forfattaren er ein "eldre" mann, og at bøkene bør lesast av nettopp ein godt vaksen mann?

2 kommentarer:

  1. Eg må snakke med biblioteksjefen og spørje om ho kan ta inn desse bøkene. Trur du dei finst som vanlige lydbøker med CD-plater?

    SvarSlett
  2. Ja,eg såg dei to siste i Vik.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...