torsdag 6. september 2012

Vi er budde!

 Då eg såg denne smørpakken i butikkhylla, meinte eg at eg kjende att pakken. Eg har sett at bakepulver skal seljast i retroboksar.  Skal det same skje med smør?  Men det sto vel ikkje "butter" på smørpakkane før?
Ein må sjølvsagt snu pakken!  Der ser ein at smøret er fransk og har vore frose.  Tine har sett merket sitt i høgre hjørne.  I år er altså landet budde på julebakst - i september.

Eg har ei kjensle av at den tida smørpakkane likna på denne, var krisa dei store smørlagera i Europa.




2 kommentarer:

  1. Eg kan aldri hugse at eg har sett slike smørpakkar.

    SvarSlett
  2. Synest designen var veldig retro ... Meiner å hugse den?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...