mandag 17. september 2012

Norsk hermetikkmuseum i Stavanger



Før det såkalla oljeeventyret, var Stavanger kjend for sine brislingfabrikkar.  Ein meiner der har vore omtrent 80 på det meste. 

På hermetikkmuseet får ein ei god innsikt i korleis produksjonen gjekk føre seg, og korleis det må ha vore å vere fabrikkarbeidar for omlag 100 år sidan.  No er all produksjon flytta til Polen der arbeidskrafta er billeg samanlikna med her. Det å legge brisling i boksar er framleis handarbeid.

Brislingen vart salta, tredd på stålpinnar, røykt, kutta hovuda av og røykt før han vart lagt i olivenolje i hermetikkboksar.  Baksane vart kokte ved 115 grader ein time.  Så måtte boksane vaskast og tørkast før ein hadde etikettar, også kalla iddisar, på.

Ein kan berre tenke seg varmen vede røykomnane og lyden frå maskinene der dei arbeidde ti timar om dagen seks dagar i veka.

Vi fekk vere med ein guida tur i første etasje der det hadde vore produksjon. Der tok eg ikkje bilde.

 I andre etasje fekk ein gå fritt omkring og sjå på kontor og møtelokale.
 Skrivemaskina.
 Flotte møblar og måleri.
Litt enklare forhold her.
Mykje av arbeidet var akkordarbeid.  Her er stemlingsuret.
 Garderoben til arbeidarane.
Toalettforholda.  Legg merke til oppklipte bitar med avispapir.  Her skulle det ikkje sløsast.
 I andre etasje var der ei stor samling med iddisar.  Eg tok bilde berre av ein brøkdel.  Det er ikkje rart at dette vart samlingsobjekt for borna.
 Iddisane vart og tilpassa politiske forhold.
Fleire kongelege dekorerte sine boksar, ikkje berre King Oscar.

Eg synest det er kjekt å gå rundt og rusle i ein by og sjå seg rundt.  Men det er også alltid kjekt å lære noko nytt.  For meg er dette interessant historie.  Eg anbefaler alle som reiser til Stavanger å ta seg ein liten time på dette museet!

P.S.
Om hermetisering kunne dei fortelje at dei hadde boksar som Amundsen hadde teke med seg til Sydpolen og attende.  Kjøtet var ikkje øydelagt.  Boksane hadde altså tolt frå 50 minus til 50 pluss.

5 kommentarer:

  1. På fabrikken Moldøen Canning, der far di arbeidde ei tid, la dei også sardiner i boks, sjølv ikkje det var HANS arbeid. Det hadde sikkert vore artig for han og sett dette museet.

    SvarSlett
  2. Far din jobba med å koke eller sterilisere boksane under trykk. Han arbeidde på den fabrikken ca 1/2 år. Då vart fabrikken nedlagt.

    SvarSlett
  3. Han hadde sikkert likt seg der! Dei viste litt av "nyare" produksjon og framsteg. Det skjedde nok ein del frå 100 til 50 år sidan.

    SvarSlett
  4. Har faktisk ikke vært inne på museumet, enda. Sikkert fordi jeg er vokst opp i nærheten. Spørs om vi ikke må ta en tur innom en gang vi er på Jæren. Husker flere av mine søskenbarn samlet på iddiser. Jeg hadde noen få.
    En god dag til deg :)

    SvarSlett
  5. Spennende museum du har vært på! Alltid kjekt å lære noe nytt og å få med seg litt historie fra plasser/byer en besøker.

    Takk for kommentar inne hos meg. Jeg synes det hørtes ut som om klassen til ditt barn hadde ordnet innsamlingen av penger til klassetur på en veldig ryddig og grei måte. Det er jo en fordel at barna kan bidra selv og jeg må si at jeg heller kunne betalt eldstejenten for å sitte barnevakt for søskene sine (penger som kunne gått til skoleturen) enn å måtte stille på dugnad i fritiden.

    God tirsdag videre til deg !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...