fredag 27. juli 2012

Gull!

 I dag samla vi næraste slekta og feia foreldra mine sitt gullbryllaup her på Hareid.
 Eg fann ein pakke serviettar og nokre gullys i samlinga mi.

 Det er kjekt å berre gå ut i hagen og velje blomstrar i dei fargar ein ønskjer.  Eg valde ein liten vase.  Høge bukettar vert ofte i vegen.

På menyen stod det rømmegraut og spekemat.  Etter dette vart det ikkje dessert, men kaffi og sjokolade.  At sjokoladepapiret matcha, var heilt tilfeldig!
 Veret har ikkje vore så verst i dag.  Ein kunne sitte ute om ein ønska det.
 Gullbrudeparet.
Jentene insisterte på å ta bilde av gullbrudeparet ved kakebordet.


7 kommentarer:

  1. Ikkje verst med GULL!! ♥♥
    Eg og husbonden har snart SØLV bryllaup!

    God helg!

    SvarSlett
  2. Gratulerer til gullbrudeparet.
    Vi feiret mine foreldres gullbryllup i fjor.
    Ei nydelig kake, og et flott dekket bord. Så fint med gull og de mørke begunder serviettene.
    Ønsker deg ei fortsatt herlig helg :)

    SvarSlett
  3. Takk for det!

    Eg veit ikkje om det viser, men der er gull i mønsteret på serviettane. Då eg var lita, samla eg på serviettar. No gjer eg også det, men serviettpakkar. Eg greier ikkje å gå forbi fine pakkar, helst på tilbod ...

    Vi feira sølvbryllaup for snart to år sidan, berre vi to i Oslo.

    SvarSlett
  4. Gratulerer med ein fin dag og stor dag å feire.
    Elegant på bordet !

    SvarSlett
  5. Takk for at du laga det så fint til for oss på merke-dagen.

    SvarSlett
  6. Koselege bilder frå feiringa.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...