torsdag 19. juli 2012

Smart?

Akkurat det vil vise seg.  Eg føler meg i alle fall utsett for ein liten intelligenstest.  Det nye vedunderet har mange mulegheiter.  Akkurat no skal det ladast, så får vi sjå.

Det har vorte eit skilje i familien mellom dei som har, og dei som ikkje har.  Dei som har, har med seg kamera overalt.  Fine bilde tek dei og. Min gamle Nokia vert reine fossilen.  Dei som kjenner meg, veit at eg eigentleg likar slike tekniske ting.  Eg liker i alle fall ikkje å verte akterutseilt! Så er det kanskje smart å kjøpe det i ferien.  Då har ein kanskje tid til å lese bruksanvisninga.  Eller aller helst, no har femtenåringen tid til å lære frå seg ...

4 kommentarer:

  1. Håper du får glede av den! Det finst så mange slags duppedittar etter kvart at det er vanskelig å velje kva ein skal satse på.

    SvarSlett
  2. Kjekt med ny telefon.
    Men øving må til... Eg har iallfall mykje glede av min !
    Lukke til !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...