tirsdag 10. juli 2012

Kva er kompott?

Det vart lagt inn protest då eg kalla desserten min kompott utan å ha potetmjølsjamning i.  Kompott skal vere tjukkare, fekk eg høyre?  På Wikipedia er også definisjonen på kompott ein dessert som er jamna anten med potetmjøl eller maisenna. I firestjerners middag ville kokken ha uspedd kompott.  Til is eller krem synest eg det er greitt med slike ujamna kompottar. Men skal den serverast med mjølk eller vaniljesaus, er det greitt med ein tjukkare konsistens.  Potetmjølsjamning gir ein blankare kompott enn maisennajamning.  Haldbarheita vert ei anna, for potetmjølsjamna dessertar vert kvite i kjøleskåp. Kirsebærkompotten som vi kjøpte på grensa, ville eg ha kalla hermestiske kirsebær.

Til denne desserten brukte eg frosen rabarbra og friske aprikosar, 350 g av kvar, og ca 1 1/2 dl sukker.  Når ei av fruktene er frosne, treng ein ikkje vatn.  No pønskar eg på å få tak i søtingsmiddelet stevia.  Då ville dette vorte reine helsekosten?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...