søndag 8. juli 2012

Bok 32: Ildmannen

Ildmannen er ein roman som har hendingar i fortid og notid, noko som er ganske vanleg i krimromanar.  I fortidsforteljinga får vi høyre om ein pakistansk ung mann som vert sendt til Noreg av familien.  Han forelskar seg i ei norsk jente.

I notidsforteljinga møter vi Karsten, ein norsk gut som vert trekt inn i ein ny gjeng gjennom ein ung lærar. Karsten er forelska i ei pakistansk jente i klassa. Ho vil gjerne vere saman med han, noko brørne hennar vil sette ein stoppar for. Notidsforteljinga endar brått og spennande.  Vi går åtte år fram i tid til den verkelege notidshendinga.  Den som begynner å granske fortida, er søstra til Karsten.

Eg likte godt denne romanen.  Personane er produkt av det dei har vorte utsette for.  Her er verkelege problemstillingar.  Ein artig detalj er at eg trur forfattaren så vidt har dikta inn seg sjølv i form av ein psykiater?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...