fredag 13. juli 2012

Raud saus

 Raud saus er godt til mjølkepuddingar og riskrem til dømes.
2 dl saft
3 dl vatn
1 ms potetmjøl

Rør saman saft, vatn og potetmjøl i ei panne.
Kok opp.  Ha sausen i ein mugge.
Tips: Ha gjerne ei sitronskive i sausemuggen.  Det gjev ein frisk saus, og når du tek den ut, følgjer snerken med.

2 kommentarer:

  1. Det med sitronskiva hugsar eg mamma gjorde. Ho likte godt puddingar sjølv og laga det ofte. Eg har aldri vore spesielt begeistra for semulegryn, men sagopudding likar eg. Polenta har eg ikkje smakt.

    SvarSlett
  2. Eg trudde det var hos henne eg hadde smakt det ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...