søndag 15. juli 2012

Søndagsmiddag

 I dag inviterte eg journalisten på middag før han for til bya for å dekke kamp.
 Eg starta med å koke pærer etter oppskrifta til Gunda i Sylting og safting heile året s. 97.  Sukkermengda er den same som vi bruker til plommer.  Men her er også nokre spennande krydder i.  Å hermetisere dei i glas, gadd eg ikkje.  Ein så pass liten porsjon står seg nok i kjøleskåp til vi har ete han opp.  Men eg synest å hugse at vi fraus ned slike pærer før i tida?  Det vert annleis om ein har pæretre og vil redde avlinga.  Mine pærer kjem frå butikken.

Sjølv synest eg det er best med krem til pærer, men borna vil gjerne ha vaniljeis til.  Dei fekk bestemme i dag.
 Oppskrifta til kyllinggryta fekk eg nedskrive av ein kollega.  Eg følgde den sånn omtrent.  Det er ein rett med nokre glas med ferdigmat i.  Ein annan gong trur eg nok at eg skal greie meg utan det i midten.
 Eg fresa først 1 1/2 ms karri i litt olje.  Så let eg 1 paprika, 1 purreløk (som eg erstatta med løk frå hagen) og to eple i bitar (Granny Smith).  Etterpå hadde eg i 1 glas indisk karrisaus, 1 1/2 ts karripasta, 1 ms mango chutney, 3 dl matfløyte (Det kjøper eg aldri, men blanda H-mjølk og kremfløyte) og 1 ts salt.

Dette fekk stå og småputre medan eg steikte 6 kyllinfiletar i strimlar og hadde i.
 No skulle dette inn i omnen.  Eg let det berre stå på plata til kyllingen var gjennomkokt.  Kyllinggryta falli smak hos familien.  Eg serverte ris og salat til.
I går var eg innom Nille.  Der hadde sommarserviettar og pastellfarga lys kome på halv pris.  Eg vart i grunnen ferdig med prikkar tidleg på åttitalet, men synest det er greitt å følgje moten  på ein pakke serviettar.
Nokre av riddarsporane og peonane mine hadde lagt seg ned på grunn av manglande støtteapparat.  Eg plukka inn nokre tidlegare i veka.  Derfor høvde det godt med liknande fargar på lys og serviettar.

6 kommentarer:

  1. Den kyllinggryta høyrdest god ut, men eg har unngått karri etc. sidan vi vart forpesta sist eg laga mulligatawny-suppe. Kanskje på tide å ta karrien til nåde igjen.

    SvarSlett
  2. Du lagar så mykje godt !
    Og, pærer brukar eg å hermetisere om hausten. Får som regel ein stor pose med små pærer då.
    Opnar glas ved spesielle høve, og helst med kremfløyte til.
    Forresten trur eg at eg såg deg syklande i sentrum igår ?

    SvarSlett
  3. Det gjorde du sikkert! Eg sykla til Nille!

    Det vert nok sei i karri også her etter kvart ...

    SvarSlett
  4. Jeg liker hermetiserte pærer veldig godt, men har aldri prøvd å lage dem selv...har bare aldri tenkt på det. Det er så altfor enkelt å bare ta med en boks fra butikken. Jeg vil helst ha dem til yoghurt naturell.

    SvarSlett
  5. Herleg middag du har laga :-)
    Kjem ikkje på å ordne pærer på den måten.

    Ha fin veke!
    Kanskje sola vil vitje oss litt denne veka?

    SvarSlett
  6. Det som er med Gunda sine oppskrifter, er at de har litt andre tilsetjingar enn berre sukker. Det gjer at ein får produkt som ikkje er å få kjøpt i butikken.
    Om ein skulle ha for mange pærer eller anna frukt, er det greitt å ha ei oppskrift på lur der ein får nytta det.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...