fredag 6. juli 2012

Rask levering!

Først no har eg fått tak i den nye boka til Gunda.  Eg tenkte eg skulle treffe på henne når ho kom til Sunnmøre, men det viste seg at ho kom hit medan eg var på ferie.

Før eg for på ferie, dukka det opp eit tilbod frå Haugen Bok på Retromasker, ei bok eg har ønska meg.  For å sleppe porto på den, tenkte eg det var lurt å bestille Gunda si bok samtidig.  Så fekk eg heller vente på sylteboka - tenkte eg i går.  I dag kom bøkene! Å få bøkene i posten dagen etter at ein bestilte dei, må eg seie er imponerane.
I går kokte eg kompott av ferske aprikosar og rabarbra frå hagen.  Eg planla eit blogginnlegg som skulle heite "Medan eg ventar på ...".  Det vart det altså ikkje noko av!  No skal eg kjøpe inn nokre ingrediensar, så kanskje det vert litt sylting og anna i næraste framtid.

I Retromasker har eg funne to oppskrifter eg kan tenke meg å prøve meg på.


4 kommentarer:

  1. Då Gunda var her forrige laurdag, somna eg attpå og vakna klokka 10-akkurat do frokosten i gågata starta. Ho skulle vere i Volda klokka 11. Hadde eg treft henne, hadde eg kjøpt boka. Eg kjøpte ei bok til 140,-kr og fekk den tilsendt utan tillegg for frakt. Det gjekk rett nok nokre dagar, så det er ikkje sikkert dei hadde den på lager.(Engelske uttrykk).

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg lurte på om du ikkje skulle kome og få smake sylta, Besta. Då hadde du fått med deg eit glas, eg hadde alt for mykje. :-)

      Slett
  2. Kor godt det ser ut !
    Mor mi hadde alltid aprikoser ilag med rabarbra i sylta.
    Eg har laga etter svigermor si oppskrift og den er med
    fiken. Den kjem i bloggen min etterkvart.

    God helg, og kos dokke heime etter ein fin ferietur !

    SvarSlett
  3. Fiken høyrest spennande ut!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...