tirsdag 10. juli 2012

Kjøpt i Ørsta

Ein gong eldstemann var liten, fekk han sjå farmora sitt nye teppe og braut ut: "Kjøpt i Ørsta?! Han trudde alt fint kom derifrå.

I dag køyrde eg studenten inn til morfaren.  Dei to har nokre fiskeprosjekt på gang. Eg hadde med nokre smaksprøver til mor mi av syltinga mi siste dagane.

Før eg for heim, stakk eg innom Mega på Amfi.  Der fann eg endeleg noko eg har sett etter ei stund, durumkveite.  Det skal vere i eit brød eg har lyst å lage.  No ser eg i avisene at Coop vil  legge om frå Mega til Extra i Ørsta sentrum.  Ein skulle tru det var nok å ha ein slik butikk i Furene. Ein annan matbutikk skal visst inn i same bygg. Der er i alle fall store endringar på gang, så spørs det om det vert til det betre!

No har eg tømt eine frysaren og sett to bøtter varmt vatn i han.  Eg har etterfylt med kokande vatn frå vasskokaren. Isen smeltar så fort at eg trur eg rekk å vaske frysaren før eg går på tysdagstur.

1 kommentar:

  1. Det er far din som avisar frysarane her i huset, han brukar hårføna og det går fort og greitt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...