tirsdag 17. juli 2012

Ferie i eige fylke

I dag hadde forfattaren eit ærend på Harøya.  Eg pakka med meg støvlar, ullsokkar og ulljakke, ekstra klesskift og regnjakke.  Vi skulle på fjelltur!  Frukosten åt vi på (7.30) ferja.
 På "fjellet" skein det opp!
Harøyburet 156 M.O.H. Ein fin liten trimtur.
 Ferja var innom Orta.
 Det var stilt og fint på sjøen.  Ferja var som ein snøggbåt oppe.  Ein såg framover.  Vi sat ute på dekk.  Eg har og sansen for at ein set fram kaffi og sveler - og noko til å legge pengar i.  Eg synest ærlegdom er ein viktig norsk verdi.
 Ferjekaia på Aukra.
 Vi svinga innom jazzbyen.  Det er artig å gå gjennom gågata.  Der er gatemusikantar og boder.  I bodene får ein kjøpt handarbeid og brukskunst, men ein del sel juggel.
Hos svigerinne og svoger fekk vi middag, dessert, kaffi og kaker.  Der er det alltid kjekt å kome.

Det skya over og vart grått då vi skulle reise.  På Vestnes kom regnet.


5 kommentarer:

  1. De har vore heldige med veret. Her har det regna stort sett heile dagen.

    SvarSlett
  2. Det er mykje kjekt å sjå i eige fylke!

    SvarSlett
  3. Vi lever i eit flott fylke.
    Er både + og - med ferjefristrekningar.
    Ikkje får ein strekke på beina, og ingen kaffikopp med sveler til. Men for dei som har det som arbeidsveg er det sikkert bra.

    SvarSlett
  4. Ein kjekk tur dokke har hatt. Spennande å fare utover dissa øyane.
    Dokke rakk over mykje på ein dag ?
    Og mykje liv og røre i jazzbyen tenkjer eg.

    SvarSlett
  5. Det er alltid mykje liv og røre i gatene når det er jazzveke. I år var der og unge moldensarar som spelte. Nokre romfolk sat og tigga medan andre selde "Folk er folk". Det er ei eiga stemning.
    Ferjer er fint når dei går. I går stod vi aldri meir enn 10 minutt i kø. Då er det greitt. Turen vart lagt opp etter ferjetidene. Når ein har verdikort er det rimelegare, men ei stor utgift vert det for dei som reiser ofte.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...