Når ein har så flinke fiskarar i familien, er det viktig å variere fiskerettane. Ein rett som er populær her, er det eg kallar "Fish and chips". Eg steiker fisken i steikepanne, ikkje frityrgryte. Chipsen steiker eg i steikomnen etter rettleiing på pakken.
Den mest vanlege måten å steike fisk på er vel å legge den i mjølblanding. For den som vil ha oppskrift: 3 ms kveitemjøl, 2 ts salt og 1 krm pepar.
Deretter dyppar du fisken i samanpiska egg.
Deretter legg ein fisken i knust kavring. Eg brukte strøkavring i butikken. Det går an å bruke sesamfrø i denne blandinga.
Steik fisken på middels varme, litt lågare temperatur enn til vanleg fisk.
Server nysteikt med chips og salat.
Eg har fått sansen for hjertesalat i sommar. Ein salat er passeleg til ein familie. Ekstra kjekt er det å hente ruccola og arurkurt i hagen. Blå mat er ganske sjeldan. Det er vel derfor vi får blått plaster til skulekjøkenbruk?
søndag 31. juli 2011
lørdag 30. juli 2011
Ripsgelé
I dag stod eg på altanen og såg ned på ripsbuskane mine. Ripsen er ikkje moden enno. Då slo det meg at det er lenge sidan eg har laga ripsgelé. Vil ein ha frisk og god ripsgele, må ein lage det sjølv. Oppskrifta er tatt frå den raudruta kokeboka.
Eg plukka ripsen rett i panna. Litt umoden rips er berre ein fordel, for den inneheld meir pektin, og ein er sikra stiv gele. Panna mi er utstyrt med litermål, noko som er praktisk til safting og sylting.
Ha i 1 1/2 dl vatn pr l rips. Kok bæra til dei saftar seg og skiftar farge. Her skal det ikkje rørast slik at bæra vert knuste.
Aus bæra over i eit sileklede. Slikt utstyr får ein mellom anna kjøpt på Jernia.
No skal safta renne gjennom kledet. Dette tek minst 30 minutt, gjerne lenger. Fall for all del ikkje for freistinga til å vri kledet. Då vert geléen grumsete.
Mål opp safta og kok ho opp. Ha i 9 dl sukker pr liter saft. Kok i 10-15 minutt. Ta av skummet. Eg bruker ei fiskeause til dette.
Slik ser skummet ut.
Viss du er usikker på om geléen er stiv, kan du ta geléprøva: Legge litt gelé på eit fat og dra ei skei gjennom for å sjekke om den er stiv. Viss ikkje må du koke geléen lenger eller ha i meir sukker eller stivelse.
Fyll geléen på små glas. Ha på lok. (Sjekk kommentarfeltet)
Denne oppskrifta kan brukast til solbærgelé (berre med 2 dl vatn pr liter bær) og til rognebær eller rognebær og eple.
Framgangsmåten til gelé er lik den til saft. Men då bruker ein litt meir vatn og mindre sukker.

fredag 29. juli 2011
Pakka og klar
I dag vert det vel pakka rundt om i landet. Mange unge fotballspelarar vender nasen mot hovudstaden. Sidan eg ikkje har greie på fotball generelt, og fotballsko spesielt, venta frøkna til faren kom heim og kunne hjelpe henne å skaffe nye grassko.
I morgon reiser dei med buss og tog, og sikkert buss igjen. Det første dei får vere med på, er rosetog. Norway Cup vert nok noko heilt spesielt i år. Når avgjerda er tatt om at turneringa skal gå, er det viktig at folk sluttar opp om den.
Hareidsgjengen kan de lese meir om her.

torsdag 28. juli 2011
Bok 38: Lindeman&Sachs
Denne boka begynte eg å lese fordi eg hadde fått tak i "Lindemans tivoli" som kunne lesast fritt etter denne. Då er det likevel greitt å ha lese den først.
Det er 70 og 80-talet si finansverd som vert skildra. Ei sit att med ei kjensle av at personane eksisterer med eit anna namn.
Problemet mitt er at eg føler eg kan for lite. Aksjar har aldri interessert meg. Investeringar og oppkjøp vert likevel forklart slik at det til ein viss grad er begripeleg. Såleis er romanen lærerik.
Miljø- og personskildringane er gode. Dette er god underhaldning. Eg har lese noko av boka i ei trist tid, så det er ikkje heilt lett å yte ho rettferd. Eg kjem nok til å lese oppfølgjaren, men ikkje med ein gong.
Bokkilden skriv. Kjell Ola Dahl si heimeside skriv.

onsdag 27. juli 2011
Solveigs sveler
Eg veit at mange bruker sveleoppskrifta på gamlebloggen min. Sjølv sjekkar eg den også, for det er ikkje så ofte eg steiker sveler. Men eg har alltid kulturmjølk og egg i hus om nokon skulle kome innom.
Kva skil den frå MRF-oppskrifta?
For det første så liker eg ikkje koppemål. Eg irriterer meg over dei som skriv kopp eller putt når dei lagar kokebøker. Det ligg vel til yrket mitt.
Elles ser eg ingen grunn til å spare på egga. I MRF-oppskrifta er der lik mengde hornsalt og natron, eg vil ikkje risikere at svelene smakar hornsalt.
Ein del oppskrifter på sveler i kokebøker, og slike som ein må lage der folk vil bestemme oppskrifta, inneheld altfor mykje sukker. Då forsvinn dei andre smakane.
Sveler (20 stk)6 egg
1 1/2 dl sukker
1 l kulturmjølk (mørk blå, kefir vert for tamt)
1 l kveitemjøl
1 1/2 ts natron
1/2 ts hornsalt
75 g (meieri!) smør
Rør saman ingrediensane. Ein kan piske egg og sukker i maskina først om ein vil.
Alle rører bør stå og svelle 1/2 time. Skal røra stå lenger, kan det vere lurt å vente med hevemiddelet.
Steiking
Eg har ei stor takke. Den set eg først på fullt i 5 minutt, og så skrur eg den litt ned. Ein legg ei og ei ause med røre. Svelene er klare til å snu når dei har bobler over det heile og fargen er fin.
Servering
Eg sverger til smør og sukker ...
tirsdag 26. juli 2011
Mat må vi ha
Eg kjem til å starte opp att tilnærma normal aktivitet på bloggen. I første omgang vil eg legge ut nokre matoppskrifter. For mat må vi ha.
Dei som sørgjer treng og mat. Ein gong eg ikkje visste kva godt eg skulle gjere, bakte eg skillingbollar og banka på døra. Det er vanskeleg å trengje seg på folk som sørgjer. Har ein ei korg med bollar i handa, har ein eit ærend. Eg var budd på å snu i døra, men opplevde at folk hadde behov for å prate. Nokre år seinare kom eg i prat med eit av borna som var i huset. Ganske snart fortalde barnet at det hugsa så godt at eg kom med bollar den gongen. Born sørgjer på sin måte, og treng kanskje pausar. Dei set kanskje pris på at nokon tenkjer på dei med bollar eller noko anna. Folk må gjere det som høver for dei.
Vi må gradvis tilbake til kvardagen. Frøkna skal førebu seg til Norway Cup. Det er nok viktig at dette arrangementet får gå, ikkje som normalt, men i ei tilpassa utgåve.

mandag 25. juli 2011
25. juli
Det er mange som har si historie når det skjer ein tragedie. Det er alltid ein som ikkje rakk flyet som styrta eller som skulle vore med toget som kolliderte.
I vår familie hadde niese/søskenbarn tenkt seg avgarde til Utøya. Dette fortalde ho då vi feira frøkna sin fødselsdag. Men så vart det bestilt tur til Tyrkia i staden. Eg har ikkje greidd å tenke tanken heilt ut, viss ... Så veit vi at for mange, mellom anna ei venninne av henne, så er dette verkelegheita. Ho har ikkje kome att.
Det vart naturleg for oss å delta i markeringa i Ørsta i staden for Ålesund. No høyrer vi at ein heiv seg rundt eit par timar før i Ulsteinvik også, slik at det vart tog der.
I Ørsta såg vi ikkje enden på toget. Vi les no at 3500 gjekk i fakkel- og rosetoget. Vi gjekk ganske langt framme, så på bildet ser de berre dei første rosene.
Frå Facebook:
En tysk avisartikkel sier: "Selv i sin dypeste sorg blir nordmenn ikke hysteriske. De motstår hatet. Det er utrolig å se hvordan politikere og hele landet reagerer. De er triste til det dypeste tråd av deres sjeler. De gråter i verdighet. Men ingen sverger å ta hevn. Isteden ønsker de enda mer menneskelighet og demokrati. Det er en av de mest bemerkelsesverdige sterke sidene ved det lille landet. ".

søndag 24. juli 2011
24.juli
I dag har vi greidd å lausrive oss litt frå TV-skjermen. Først såg vi gudstenesta i Domkyrkja.
Eg er imponert over kor mange flinke folk vi har her i landet! Statsministeren heldt ein flott tale. Prestane var flinke kvar på sin måte, og der var flott korsong. Dei kongelege stiller opp og viser kjensler.
Politiet arbeider på spreng. På sjukehusa har der vore katastrofealarm. Leitemannskap er i sving. Dei grur seg til å finne eventuelle drukna, men veit dei gjer ein viktig jobb. Mange andre yrkesgrupper er og i sving.
Det gjer sterkt inntrykk å sjå ungdomar bli gjenforeina med familiane sine. Og så veit vi at det er ikkje slik for alle.
14-åringen må forklarast at også forsvararen gjer ein viktig jobb. Alle har rett på forsvar i ein rettsstat.
Det er mange som har det tøft. Vi kan ikkje gjere noko anna enn å vere medmenneske. Vidare er det eit felles ansvar å føre vidare gode verdiar og haldningar til dei som veks opp.

lørdag 23. juli 2011
23. juli
Vi vakna opp til dødstal høgare enn venta. Framleis er det mykje vi ikkje veit. Eg har sett på nyheiter i heile dag. Heile verda ser mot Noreg. Vi eig ikkje ord.
Det vert oppmoda om bloggpause. Handarbeid og matlaging vert ikkje viktig i ei slik tid. Men det må vere lov å uttrykke tankar om det som skjer. Mange deler dikt. Dikt seier mykje med få ord.
Det diktet som eg kom til å tenke på, er Halldis Moren Vesaas sitt dikt "Tung tids tale".
Tung tids tale
Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!
Frå Tung tids tale, 1945
fredag 22. juli 2011
22. juli 2011
Denne datoen kjem nok til å gå inn i norsk historie som ein svært trist dag. Eg kjenner meg matt og fysisk kvalm. Det vi har frykta skal skje, skjer.
Vi har allereie sett nyheiter på NRK, TV2 og BBC i fleire timar, og det vert vel nokre til. Blogginnlegget eg hadde planlagt i dag, får kome ein annan dag.
Bildet er av den gamle Peacerosa mi. Eg trudde ho hadde frose i hel.

torsdag 21. juli 2011
Bærsaus
Eg driv og lagar noko eg kallar "rydderettar" for tida. Eg ryddar i skåp og fryseboksar. Konklusjonen er at om eg skal få det ryddigare, må eg ha færre ting. Treng ein til dømes å ha sagogryn i huset til ei kvar tid?
I staden for den vanlege saftsausen ville eg lage ein saus av friske bær. Eg fann ca 700 g jordbær i åkeren. Desse mosa eg saman med 1 dl melis og 1 dl vatn.
Sausen vart nydeleg! Men eg synest ikkje den passa så godt til sagopudding. Den tok for mykje merksemd. Den er sikkert nydeleg til is - og kanskje til riskrem?

Bok 37: Enken
Denne boka oppdaga eg då eg skulle rydde musikkfilene på datamaskina. Eg såg at mor mi synest den var spennande, men var usikker på om det var stor litteratur. Noko av den same kjensla sit eg att med.
Dette kan ein lese på coveret:
Gil Adamson forener elegant den historiske romanen, den litterære western og den gotiske fortellingen. Året er 1903. To tvillingbrødre med børse over skulderen forfølger en ung kvinne gjennom Canadas ødemark. Mary Boulton er 19 år og enke. Hun har drept ektemannen og er på flukt. Mennene er hennes svogre - store, kraftige og med rødt hår. De søker hevn og kommer i hælene på henne hvor hun enn beveger seg. Det eneste Mary får med seg da hun rømmer gården er Bibelen med merkelige tegn i margen. I fjellene er hun på alle måter i ukjent terreng. Hun kan sine bibelvers, men vet ikke hvordan man finner veien. Hun kan brodere, men vet ikke hva som er spiselig i naturen. Så dukker Fjellfanten opp; også han har grunner til å holde seg unna mennesker.
Viss dette hadde vore ein film, ville han vel ha kome i kategorien roadmovie. Vi får vite at denne enka er på flukt. Ho er i sørgjekle og har nokon etter seg. Langs denne fluktruta får vi avdekt meir og meir av historia hennar. Vi får vite kva ho har gjort og kven som er etter henne. Ulike personar hjelper henne.
Eg har sansen for forteljarmåten. Mange amerikanske bestseljande forfattarar er allvitande og understrekar poenga sine med å gjenta seg sjølv med eit klissete språk. Det gjer ikkje denne forfattaren. Ho let heller vere å gå i detaljar. Vi veit ikkje heilt kva alle tenker. Det skulle ikkje forundre meg om ho har lese Hamsun.
Les gjerne denne boka, og gjer deg opp di eiga meining.

onsdag 20. juli 2011
Hagevandring
I dag har det regna her. Men vi har og sett sola. Ei skikkeleg rotbløyte er bra for hagen!
Skvåsjnytt ...
... eller agurkurtnytt?
Peacerosa ser noko stakkarsleg ut.
Rosa eg kjøpte på Coop Byggmix(?) derimot veks godt og kjem med mange knoppar. Det er ei stilkrose som heiter Rosa "Rosemary Harkness". Den skal bli ferskenfarga.
Sleipe vesen finst alle stader - også i hagen.

tirsdag 19. juli 2011
Langs vegen
I dag sjekka eg yr.no før eg la ut på tysdagstur. Regnet skulle kome etter midnatt. Eg starta med å sykle fram til venninna mi sidan studenten ville låne bilen. På Grimstad merka eg dei første varme dropane. Litt regn gjer ikkje noko. Eg hadde med ei såkalla softshelljakke for sikkerheits skuld.
På veg heim att opna slusene på himmelen seg. Sjølv toler eg regn, tenkte eg. Det er verre med MP3-spelaren. Kameraet i lomma er undervasskamera ned til 1,5 meter. Når ein først er gjennomvåt er meir regn berre herleg! Eg var alt anna enn skjortevåt. Etterpå gjorde det godt med ein dusj inne.

19.juli
I dag har vi hatt eit lite "bloggtreff", eller rettare sagt familietreff her. Bildet har eg knabba frå bloggen til søskenbarnet mitt. Dei hadde bestemt seg for bytur i dag, og valet på by vart Ulsteinvik. Frøkna og eg stilte villege opp. Eg hadde lova henne ei byrunde i går.
Etterpå inviterte eg dei over Eidet på kaffi og rundstykke i all enkelheit.
Eg fekk støtte for at eg burde unne meg denne boka - og ei sjokoladeplate berre til meg. Eg trur dei og kom heim att vel nøgde med handelen?
Takk for besøket! Kjekt at de tok turen!

mandag 18. juli 2011
Bok 36: Politi og røver
Då eg såg denne boka på biblioteket torsdag, var det noko kjent med tittelen. På framsida stod det "Brageprisvinnar" . Då eg kom heim såg eg at det var ein dokomentarroman om det kriminelle miljøet som vaks fram på Tveitasenteret på 70-talet, og enda med Nokasranet.
For å seie det rett ut, så er ikkje dette mitt interesseområde. Eg hadde tenkt meg ei underhaldande krimbok. Men eg bestemte meg for å gi boka ein sjanse.
Eg vart rett og slett fascinert! Forfattaren har gjort grundig research. Ein stor del av boka er intervju. Forfattaren viser og til forsking. Det er interessant å sjå verda frå både politimannen og skurkane si side.
Politimannen, no TV2 sin krimekspert, Johnny Brenna er spanar i det kriminelle miljøet. Dei veit om han og respekterer han.
Det er tøffe karar det er snakk om. Og dei er ikkje nådige når dei skildrar andre menn.
Boka er interessant og har absolutt underhaldningsverdi. Viss eg skulle gi den eit lite minus, så må det vere at ein av og til føler av forfattaren gjentek seg sjølv. Poenget er kanskje at dei ulike personane har same syn i enkelte saker.

Nok ein nydeleg dag
I dag skein det opp relativt tidleg. Eg inviterte journalisten på middag. I går var han tidleg av garde til rosebyen. Menyen var ganske lik gårsdagens. Eg laga to store former med lasagne. I går kveld hadde eg blåbær i det som var att av desserten i går. Det vart søtt og smakfullt.
Byturen tok eg mot kvelden. Biblioteket stenger 18.00 no i sommar. Boka eg var ute etter, er den nede til høgre.

søndag 17. juli 2011
Bærdessert
Slike pakkar med bær får ein attpå vaniljeis på Prix denne månaden. Det har lett for at slike dealar heller vert mer til overs. No fann eg nokre slike pakkar med bær i frysaren. Eg kom på ein dessert venninna mi bruker å lage med krydra sukkerlake. Eg fekk oppskrifta, men laga ein mindre porsjon. Dette gjorde eg i går kveld.
Til kvar pakke bær rekna eg 1 dl sukker og 1 dl vatn. Kryddera var vaniljestang, kanelstang, nellikspikrar og heil stjerneanis. Her får ein finne sin eigen formel. Eg skal ha i meir anis neste gong, for den smaken liker eg godt! Sukkerlaken fekk koke i minst 15 minutt.
Eg hadde laken over bæra. Kryddera fekk ligge i sikten. Det finst sikkert smartare patentar, men denne funka.
Eg serverte vaniljeis til i dag, men både krem og vaniljekrem smakar nok godt til.
No er det nok ikkje lenge til vi kan plukke bær i hagen!

17. juli
I dag har det vore lummert her med litt sol og litt regn.
Riddersporane mine har endeleg sprotte ut.
Og årets første skvåsj vart hausta. Middagen vart ein variant av denne gryta. I dag med vanleg kjøtdeig.
Observante blogglesarar ser kanskje at eg har fått ein ny blogg på blogglista mi. Det var Astrid som fann meg. Ho bur på Mauritius. Eg spurde om temperaturane der. I dag kan de lese om det på bloggen hennar. Ho har og ein handarbeidsblogg som sikkert vil interessere mange.

lørdag 16. juli 2011
Dyrepassar
Frøkna passar fem kaninar og to kattar i tillegg til sine eigne.
I kveld var eg med henne på leggerunden. Nokre av kaninane skal inn i bura sine, andre skal berre ha litt grøntfor og tilsyn. Ein time tidlegare var eg ut med kattemat i håp om at det skulle dukke opp piggsvin. Det gjorde det! Om det er Pelle frå i fjor, er ikkje godt å seie, men vi liker å tru det. Merkelg nok stod det eit par kattar og såg på at piggsvinet åt. Kanskje fordi dei ikkje liker X-tra-mat?
Eg har planar om å sette ut mat til piggsvina i håp om at dei et sniglar til forrett eller dessert.

Det er så mykje som skulle ha vore gjort heime ...
... så det er berre å kome seg vekk derifrå! Med dette som motto, la frøkna og eg ut på sykkeltur til Holesanden i dag. Vi sykla om Røyset framover.
Ho ville bade, og sumde ut til flytebrygga.
Her vert det fint når graset får gro til.
Tilbaketuren gjekk over Ulset.
I Hjørungavåg er det både landbruk og industri. I dag vart vi overraska over kor kaldt der var. Ingen stad bles det som der.

Abonner på:
Innlegg (Atom)