torsdag 29. juni 2017

Bergenstur

Det vert sagt at fram og tilbake er like langt. Det stemmer ikkje alltid. I går skulle vi til Bergen og flytte tinga til frøkna til den nye hybelen hennar. Vi skulle og vaske ned rommet hennar og delar av leilegheita.

(Bildet er av toalettbygningen på Utvikfjellet.)

Vi ville ikkje kome så tidleg bed, så vi starta 10.10. På vegen stoppa vi i Knarvik der vi fekk låne tilhengar hos eit vennepar. Dei hadde grillmat klar då vi kom.

Vel framme i Bergen flytta vi tinga ut. For å vere effektive, begynte eg å vaske medan dei flytta inn i nyehybelen.  Då var det at ein av oss orda frampå, kanskje vi berre skulle køyre attende om natta?  Det frista lite å sitte i bilen ein solskinsdag til.

Vi fekk levert attende tilhengaren, og så rakk vi akkurat 23.00 ferja. På vegen heim hadde vi vegen omtrent for oss sjølve. På turen ned var det ein del køkøyring, så turen heim verka mykje kortare, og det stemmer i alle fall i tid. Vi var heime 3.30. Då hadde vi sett det mørkne og lysne att. Og indag har vi hatt ein heller lat dag i sola.

No har ho sett nøkkelen i denne døra for siste gong. Neste skuleår skal ho bu på Landås, mykje nærare Haukeland.



1 kommentar:

  1. Det var nok ei vakker natt å køyre i.
    Her såg himmelen ut til å stå i brann til langt over midnatt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...