lørdag 1. juli 2017

1. juli

I dag kom Audun heim frå hovudstaden med nattbussen.  Så fekk vi samle gjengen til middag.  Vi fekk nyss om at systera mi og dei to yngste var på Herøyspelet.  Eg sa dei måtte gjerne stikke innom.  Uansett kor tid dei kom, tenkte eg det ville smake med både salt og søtt.  Det vart litt vittig at dei stod i døra omtrent på minuttet då vi skulle ete middag.

Kva eg serverte?  Det var blomkålsuppe til forrett og brudevollmor til middag. Dessert og kaffi vart slått saman.  Den heimkomne sonen måtte få blautkake, og i tillegg hadde eg laga ei gjærkringle.

I morgon allereie reiser vi på ferie.  Eg satsar på å legge ut "Today's postcard (s)".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...