lørdag 22. juli 2017

22. juli 2017

 I dag er det seks år sidan dagen som har brent seg inn i minna våre for alltid.  Det er seks år sidan Noreg valde roser.  Nokre dager seinare skulle vi gå i fakkeltog i Ørsta.  Som mange andre valde vi å gå med roser i staden.  Systra mi plantar roser kvart år 22. juli.  Det er ein fin måte å markere dagen på.
 Rosene mine hadde fått ein knekk då vi kom hei frå ferie.  Eg veit ikkje kva som har gjort att plada har vorte brune og tørka inn.  Kan det ha vore larvar? Eg satsa på at dei nye skota vert friske.  New Dawn har klart vinteren.  Dei to Peacerosene har stroke med.  Peaceroser er like skjøre som freden, vert det sagt.
I dag fann eg tre friske skot som eg klipte rosene av på New Dawn-rosa.  Tre Aloharoser har stått i vase inne før eg i dag klipte hovuda av dei og let det stå att to blad.  Viss eg er heldig, kjem dei ed nye skot frå rota både i haust og til våren.

I dag såg vi seremonien på regjeringskvartalet på TV.  Det er sterkt å høyre namna opplesne alfabetisk. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...