søndag 24. januar 2016

Søndag 24. januar

 I går bestemte vi oss for å invitere foreldra mine på middag.  Det er lenge sidan vi har snakka med dei. . Eg laga sosakjøt med kjøtkaker, ein populær rett både blant yngre og eldre.  Eg synest kjøtkakesausen vert betre med kjøt i sausen.
 Til dessert/kaffi serveerte eg stikkelsbærkake laga etter oppskrifta på rabarbrakake. Eg laga vaniljekrem og piska krem til. Til ei syrleg kake smakar det godt med litt søt krem. Grunnen til at eg laga kake av stikkelsbæra, var at nokon, eg hugsar ikkje kven, sa at ein kan bruke same oppskrifter til stikkelsbær og rabarbra. Det som vert att av kaka, skal eg fryse, så har eg kake og vaniljeis i frysaren.
Elles gjorde vi ein oppdagelse med serviettane.  Der er ein annan fugl enn blåmeis på innsida!?
No skal eg innstille hovudet på at eg skal på jobb i morgon.Vi har tovekesplanar, noverande varer ut veka.  Vi har og nettopp begynt på ny termin med ei prøvefri veke i mine fag.  Det er uvanleg å ei så "fri" helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...