fredag 1. januar 2016

Blogging 2016

1. januar har eg hatt for vane å skrive ei lita "bloggerklæring".  Dei som måtte ønske å lese desse, kan klikke seg bakover i tid her. Det vert vel helst eg sjølv som gjer det... I periodar har eg kome litt ut av blogginga av ulike grunnar, då kan det vere greitt å minne seg sjølv på kvifor ein har denne hobbyen.

Det beste med blogg synest eg at det er ein stad der ein ikkje trenger seg på andre.  Det er heilt fivilleg å lese.  Ein irriterer ikkje folk med å fylle opp veggen deira som til dømes på Facebook.  I tillegg til dei grunnane eg har skrive før, er det den viktigaste.
Sløv start
I romjula har eg vore svært sløv.  Julaftan kveld og morgonen 1. juledag kjende eg på noko i halsen. Men det gjekk over.  Den 29. vakna eg og følte meg eledig.  Eg var oppe og sløva i ein stol medan eg hadde mest lyst til å legge meg.  Eg la meg fullt påkledd med varmeteppe på fullt - og fraus.  Heldigvis var eg betre både i forgårs og i går.  Når det er snakk om sjukdom på jobb, plar eg seie at eg har ikkje har tid å bli sjuk.  "Det passar aldri å vere sjuk"får eg høyre. Akkurat no er kanskje den beste tida, var mi magre trøyst.  No har eg fått sett krim av Arne Dahl med relativt godt samvit.  I dag har eg og knekt bokmålsbunken, så det står til liv. Sjukdom som går over, er ikkje noko å klage over.  Ein får berre gjere det beste ut av situasjonen.  No håper eg å få att ork til strikking.

Litteratur
Det er litt artig å sjå at eg i fjor las 58 bøker.  Det er ikkje første gong!  Det er vel typetal det heiter. Ein skulle tru eg hadde gått inn for det...

2015:58
2014: 61
2013: 58
2012: 58
2011: 62
2010: 59
2009: 76
Bokmeldingane mine er litt enkle innimellom.  Eg skriv berre mi meining, så får andre gjere seg opp si eiga!

Kva skal vi ha til middag?
Eg håper at eg i 2016 finn fram til nye enkle middagsrettar. Av og til røper eg berre kva eg serverer.  Sjølv er eg ofte glad for berre små tips til kva eg kan lage.  Det er ikkje sikkert eg lagar det eg ser hos andre, men det set kanskje i sving eigne idear.

Handarbeid
Eg er med på to ulike handarbeidssider på Facebook, Strikkesida og Koftegruppa.  Det er inspirerande og lærerikt. Det er kjekt å kunne strikke sine eigne plagg, synest eg.  Så må eg passe på å ikkje bli for ivrig.  Det vert nok nokre strikkeinnlegg i 2016 også.

Kvardagsliv, men ikkje dagbok
Når ein er på jobb kvar dag, er det ikkje så aktuelt å skrive dagbok, men enkelte glimt kan no eg dele med blogglesarane. 

Pausefisk?
Nokre dagar har eg ikkje så mykje å melde.  Tidlegare har eg då lagt ut eit lite bilde frå heim eller hage.  Det trur eg at eg vil begynne med igjen, slik at det vert eit lite innlegg frå meg kvar dag.  Det set eg pris på med andre bloggarar.Samtidig kjem eg ikkje til å stresse om eg ikkje får det til.

I løpet av helga skal eg kåre årets bok.

Godt nytt bloggår!

1 kommentar:

  1. Godt nytt blogg år ja!
    Stadig imponert over kva du rekk over både i bokverda og ellers..

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...