mandag 4. januar 2016

Diktanalyse

I dag starta vi norskåret med å lytte til og lese "Sommarfuggel i vinterland". Vi starta med nokre dyremetaforar før vi fann fram til eigenskapane til sommarfuglen som fargerik, flyktig og skjør. Kva tyder det å vere ny i livet - og å vere ny i nord? Kven har alt det dei eig i ein koffert? Her må ein lese mellom linjene! Som eg seier, er det ikkje noko fasistsvar, men ein må grunngi tolkingane sine. Eg fekk dei fleste med meg på at det er snakk om ein flyktning. Til slutt fann vi ein versjon frå 80-talet der forattaren harselerer over kor lite plass det er i landet vårt. han hadde floge nordover!

4 kommentarer:

  1. Kven velge å ta alt med seg vekk om så med døden til følge om du ikkje MÅ?

    SvarSlett
  2. Du har spennande fag, og er flink til å
    få elevane til å forstå.

    SvarSlett
  3. Målet er at dei skal lære seg å stille spørsmål til teksten. Det er kjekt å undervise i norsk på tiande. Norsk er eit modningsfag. det er og kjekt å presentere ulik litteratur.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...