søndag 3. januar 2016

Plukke ut jula?

I dag tok eg fram nynorskbunken min.  Eg sat pal til eg var ferdig. Etterpå fekk eg  ny energi!  Ein kan no håpe at det også er sykja som slepper taket.  Det kan og vere tanken på jobb som gjer at ein får lyst til å avslutte jula ...

Duken henta eg i "nyestova".  Der la eg på kvit løpar på eine bordet, og la klar ein til neste.  Det er no greitt å bruke dukane før ein vaskar dei.  Noko juleservise vart plassert vekk.  Til neste helg får vi rydde ut jula, men det kan no vere greitt å plukke vekk litt kvar dag, synest eg.  Viss ikkje har det lett for at noko gøymer seg vekk.

Mål for jula var å bruke fleire lys og serviettar enn eg kjøper.  Det har eg greidd med god margin! Dei grøne lysa fann eg inst i skåpet... Skal ein ta eit lite atterhald når ein veit ein skal på handlerunde i mæraste by saman med frøkna i morgon? 

I dag har det vore nokre få minusgrader her, og sola har skine inn vindauget.  Eg synest det er herleg at det går mot lysare tider! Eg gler meg og verkeleg til å kome i sving att!

1 kommentar:

  1. Godt når sola skinner
    og en merker det blir litt lengre dager.
    Tror ikke jeg har klart å bruke mer
    servietter enn jeg har kjøpt.
    Er jo så mange fine servietter.
    Håper du snart er helt frisk igjen. :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...