torsdag 14. januar 2016

Noko gjekk gale ...

Det dukka opp eit bilde av ei VM-look-alike-hue med mønster på ei nettside.  Eg tilbaud meg å strikke den til ein av karane. Utan kritisk blikk tok eg fram pinnestorleiken og tok dobbel Sisu i staden for Lerke.  Etter eit par striper såg eg at dette bar feil veg.  Ja, ja, kanskje den får passe til ein av nevøane, tenkte eg og strikka vidare.  I dag har eg strikka ferdig hua.  Så googla eg "hodeomkrets" og fann ut at ho vil passe til ein eitt- eller toåring.

Elles ser eg at strikkefastheita endra seg då eg gjekk over til fire trepinnar.  Det er ikikje noko anna å seie enn at eg burde ha sjekka andre huemønster og ikkje minst mi eiga strikkefastheit før eg starta!  Heldigvis veit eg om ein liten venn som vert eitt år i desse dagar!

2 kommentarer:

  1. He he, slik kan det gå... Bra du har ein mottakar. Den ser fin ut i alle fall!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...