fredag 8. januar 2016

Brått blått

 Denne veka har eg plukka vekk jula.  Eg synest det er greitt å bruke litt tid på det.
 Eg ønska meg blått stæsj til jul, for no har eg lyst til at badet nede skal bli blått, så kan det oppe vere rosa og raudt.  Eg synest januar er blå, turkis og kanskje lysegul.
Til jul kjøpte eg meg ny morgonkåpe.  Då valde eg å kjøpe ei som "matchar" veggene.  Den gamle er frå 80-talet.  Ho har helst vore brukt på Volda sjukehus.  No synest eg det er greitt å ha ei når her er overnattingsgjester.

Det er flott, kaldt ver her. Ungdomane kosar seg på isen.  Sjølv kan eg ikkje gå på skeiser, og eg har slått frå meg å lære det. Ein må vel rekne med litt knall og fall, og det tek eg ikkje sjansen på.Eg har vakse opp der det er skiføre. Faren for å slå seg er mindre i snø enn på is.


2 kommentarer:

  1. Blått er flott, og aldri feil.
    Nei isen held eg meg langt vekk i frå,
    " trudde " eg kunne gå på skeiser ein gong då gutane var små...
    Det enda med fall og bl a brot av halebein, rota til ryggplager resten av livet.
    Men flott at borna lærer det.
    God fredagskveld.

    SvarSlett
  2. Takk det same!
    Eg og trur ein må få inn dette når ein er i rette alderen og toler å dette.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...